Verneområdestyre for Kvænangsbotn og Navitdalen oppnemd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 11.04.2013
Miljøverndepartementet har oppnemnd verneområdestyret som skal forvalte Kvænangsbotn landskapsvernområde og Navitdalen landskapsvernområde i Troms fylke.
Miljøverndepartementet har oppnemnd verneområdestyret som skal forvalte Kvænangsbotn landskapsvernområde og Navitdalen landskapsvernområde i Troms fylke.
Dette er eit ledd i innføringa av lokal forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde. Kommunen, fylkeskommunen og Sametinget får gjennom deltaking i verneområdestyret ansvaret for å forvalte store nasjonale verdiar.
-Det er særs gledeleg at Kvænangen kommune saman med Troms fylkeskommune og Sametinget vil ta ansvar med å ivareta dei unike naturverdiane i Kvænangsbotn landskapsvernområde og Navitdalen landskapsvernområde. Verneområdestyret får eit stort ansvar på vegne av heile nasjonen for å forvalte viktige nasjonale og internasjonale naturverdiar, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.
Verneområdestyret for Kvænangsbotn landskapsvernområde og Navitdalen landskapsvernområde vil bestå av Jan Helge Jensen og Liv Reidun Olsen frå Kvænangen kommune, Siv Elin Hansen frå Troms fylkeskommune og Inger Jørstad og Tore Forsberg som er utpekt av Sametinget.
Verneområdestyret skal gjere vedtak og gjennomføre tiltak innanfor ramma av verneforskriftene slik at naturverdiane i landskapsvernområda vert sikra for komande generasjonar.
Innføringa av lokal forvaltning av desse verneområda skjer på bakgrunn av regjeringa sitt framlegg i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon for 2010 (Prop. 1 S (2009-2010)) og som Stortinget har slutta seg til.