Tilskotsordningar for 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og internasjonale miljøtiltak
Rundskriv | Dato: 21.10.2008
Nr: T-1/08
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Tilskotsordningar for 2010
Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Ein brei medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar og private verksemder og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar.
Rundskrivet gir omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å kontakte fylkesmannen og fylkeskommunen.
Frå og med 2008 skal søknader om tilskot til vilt-tiltak og til forebyggjande og konfliktdempande rovvilt-tiltak fremjast i eit nettbasert søknadssystem i regi av Direktoratet for naturforvaltning.
Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.
Oslo, oktober 2008
Med helsing
Miljøvernministeren