Historisk arkiv

Leserbrev: Firedobling av freda fartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Vern av fartøy er ei særs viktig oppgåve for Riksantikvaren og innsatsen skal styrkast. Direktør ved Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum Terje Flaaten-Stokkan savnar i Dagens Næringsliv 15. august meir pengar og merksemd frå det offentlege i arbeidet med vern av fartøy. Eg helser Flaaten-Stokkans engasjement velkomen.

Det er ingen lita oppgåve vi skal løyse. Noregs si flåte har vært og er ei av dei største i verda. Kystnasjonen Noreg har produsert båtar i alle moglege fasonger og storleikar.

Eit omfattande vern av hele denne rikdomen av fartøy er ei stor utfordring. Det er naudsynt å prioritere, for det er ikkje mulig å ta med oss alle desse fartøya vidare.

I 2010 lanserte Riksantikvaren difor ein fartøyvernplan for perioden 2010- 2017. Riksantikvaren er godt i gang med å sette i verk tiltaka i planen og jobbar med eit program for freding for dei aller viktigaste fartøya i Noreg. Fram mot 2017 skal utvalte ferjer, passasjerskip, fiskefartøy, spesialskip, lasteskip og fritidsbåtar fredast. Vi har i dag ni freda fartøy, når programmet er gjennomført i 2017 er over 40 fartøy freda for ettertida. Innan utgången av 2020 skal alle freda fartøy vere gjort i stand til normalt vedlikehaldsnivå og vi er godt i gang med dette arbeidet.

I tillegg til de freda fartøya er det ca. 220 fartøy på Riksantikvaren si liste over såkalla verneverdige fartøy. Av desse skal eit representativt utval sikrast fram mot 2020. Eigarane av dei verneverdige fartøya har rett til å søke tilskot, men dei har ingen garanti. Det krev stor innsats frå frivillige, private og andre offentlege instansar for å nå normalt vedlikehaldsnivå. I fartøyvernplanen er det slått fast at av desse skal Riksantikvaren særleg prioritere fartøy som er offentleg tilgjengelige, har allmenn interesse, lokal forankring og ein realistisk økonomisk muligheit til å setjas og holdast i stand. Ut i frå denne prioriteringa håper vi å nå flest mulig med opplevingar og kunnskap knytt til vår historiske flåte.

Fartøyvern krev med andre ord ressursar og frå 2005 har bevilgningane auka. Det er likevel grunn til å sjå nærmare på behova og muligheitene for å styrke bevilgningane, ikkje bare til fartøyvern, men til heile kulturminnefeltet. Kulturminne frå M/K Tjeldsund til Nidarosdomen har alle ein spesiell plass i sine nærmiljø, men dei bidrar også til å sjå oss sjølve som nasjon og forstå kvar vi kjem frå og korleis det gikk til. Eg set pris på fartøyvernarane sitt engasjement og fartøyvernsentra sin kompetanse i dette arbeidet og ser fram til vidare samarbeid.