Innlegg: Betre fartøyvern i Noreg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Harstad Tidende 06.11.12
Tale/innlegg | Dato: 06.11.2012
Noreg skal få eit betre fartøyvern med styrka kompetanse. Dette er Riksantikvaren godt i gang med gjennom fartøyvernplanen. I budsjettet for 2013 vil 22 millionar kroner av den auka løyvinga til Riksantikvaren bli fordelt mellom bevaringsprogram og andre formål. Fartøyvern og kystkultur vil sjølvsagt nyte godt av den auka løyvinga.

Eilif Gabrielsen uttrykker i Harstad Tidende 1. november bekymring over fartøyvernet. Det er det ingen grunn til.
Riksantikvaren har gjort ei tydelegare prioritering og mellom anna redusert talet på båtar som får tilskot frå 80 til 50. Dette fører med seg meir ressursar til færre fartøy. Dei utvalde fartøya blir heilt ferdig sette i stand. Kriteria for å tildele tilskot er også skjerpa inn: fartøya skal ha lokal forankring, allmenn interesse og prosjekta skal la seg gjennomføre økonomisk.
Vidare vil det bli stilt strengare krav til handverkskompetanse, dokumentasjon og tilstandsvurdering. Vi er overtydde om at dette på sikt vil betre situasjonen for dei mange fartøyprosjekta og deira eigarar. Det vil også kunne bidra til at dei norske kompetansemiljøa, mellom anna ved fartøyvernsentera, blir styrkt.
Miljøverndepartementet og Riksantikvaren har eit klart mål om å styrkje fartøyvernet. Vi har starta restaurering av Einar II i Vardø, den eldste båten i Aust-Finnmark, med dramatisk krigshistorie. Her er Nordnorsk fartøyvernsenter tungt inne arbeidet. Dei gjer restaureringa av båten i Vardø, men har teke motoren til senteret i Gratangen i Troms.
Dei frivillige sin innsats er avgjerande for norsk fartøyvern. Eg ser fram til vidare samarbeid om fartøyvern, og gler meg til å sjå resultata.