Historisk arkiv

Innlegg: Det er nok areal til bustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Aftenposten 20.09.12

God arealpolitikk er både god bustadpolitikk og god miljøpolitikk. Dersom vi plasserer bustader rundt kollektivknutepunkt, minskar vi behovet for å bruke bil. Fortetting gjev mindre press på markagrensa og matjorda.

Baard Schumann, administrerande direktør i Selvaag Bolig ASA, skriv i Aftenposten 10. september at bustadproblemet kan løysast. Ja, det er eg heilt einig i. Vi må løyse det ved å bygge tettare, høgare og smartare.

Folketalet i Oslo og Akershus kan komme til å auke med 350.000 fram til 2030. Alle desse folka skal ha ein plass å bu og fraktast frå heim til skule, jobb og barnehage. Berekningar viser at det er mogeleg å skaffe bustader til 150.000 personar i Oslo gjennom fortetting, og 400.000 for Oslo og Akershus til saman. I tillegg må vi plassere nye bustadområde nær jernbanestasjonar og andre kollektivknutepunkt.

For å sikre at dei beste tomtene blir brukt til bustadformål, har eg sendt brev til fylkesmennene og bedt dei legge større vekt på bustadsbehovet når dei behandlar kommunale planar. Fylkesmennene kan, om naudsynt, fremme motsegn dersom planen ikkje legg godt nok til rette for bustadbygging på passande område.

Vi har også rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging der vi stiller krav om fortetting. I Oslo og Akershus er det eit plansamarbeid som skal sjå heile regionen som ein felles bustad- og arbeidsmarknad.

Eg har teke til orde for at vi treng ein nasjonal bypolitikk i tillegg til distriktspolitikk. Å sikre gode areal til bustadbygging er eit heilt sentralt punkt i denne bypolitikken.