Historisk arkiv

Kronikk: Doha Climate Gateway - Kyoto2 blir til

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Aftenposten 11.12.12

Det er natt til laurdag på konferansesenteret i Doha. Klimaforhandlingane går på overtid. Litt over midnatt får eg beskjed om å møte opp hos sjefen for FNs klimasekretariat i lag med min brasilianske forhandlingsmakker Luiz Figueiredo Machado.

Det er natt til laurdag på konferansesenteret i Doha. Klimaforhandlingane går på overtid. Litt over midnatt får eg beskjed om å møte opp hos sjefen for FNs klimasekretariat i lag med min brasilianske forhandlingsmakker Luiz Figueiredo Machado.

Vi har sjølv bede om møtet. Det pågår no fem parallelle forhandlingsprosessar. Nokon må samle trådane, og det er det vi vil prøve å få til.

Doha-møtet skal mellom anna legge eit løp mot ein ny klimaavtale og auka utsleppskutt fram til 2020, vi skal sikre finansiering av klimatiltak i utviklingsland og vedta Kyoto 2. Dersom ein av prosessane ryk, raknar alt. Det vil vere eit stort paradoks. Medan vi forhandlar, døyr hundrevis i syklon på Filippinane. Forsikringssummane frå orkanen Sandy i USA nærmar seg 100 milliardar dollar. Når verknaden av klimaendringane vert tydelegare og kunnskapen sikrare, kan ikkje verdssamfunnet svare med kollaps.

Luiz og eg har i to dagar konsultert dei ulike landa og har med oss eit utkast til Kyoto 2, med Russland som usikkerheitsmoment. I dei andre forhandlingsprosessane er det varierande grad av framgong og semje.

Lite søvn og utilstrekkelege måltid sett preg på oss. På venterommet i Klimasekretariatet fortel Luiz om toppmøtet i København. Han var med då den endelege teksten vart utforma på eit lite møterom av hans eigen president Lula og leiarane frå Kina, India, Sør-Afrika og USA.

"Copenhagen" er blitt eit kodeord for alt som kan gå galt i klimaforhandlingane. Ifølgje Luiz rota danskane det til med manglande kunnskap om FN-prosessen og einsidig merksemd om USA framfor nye stormakter. I FN er det konsensus som gjeld. Alle må i prinsippet vere samde.

I møtet med sjefen for klimasekretariatet Christiana Figueres vert ein ide utforma. Vi kan få inn alle fem dokument utover natta og la møteleiaren presentere dei samla laurdag morgon med sitt framlegg til balansert løysing på dei siste uavklarte spørsmåla. Vi går til møteleiaren for heile klimakonferansen, Abdullah bin Hamad Al-Attiyah frå Qatar. Han er ein velmeinande bestefartype, men har imponert få hittil. Han blir likevel ein viktig alliert.

Klokka nærmar seg 3 på natta. Luiz seier at han har eit fly laurdag morgon, og at det begynner å haste. Al-Attiyah ringer straks til sin gode ven, sjefen for Qatar Airlines for å ordne ny billett. Vi trur det er ein spøk, men etter nokre minutt får Luiz spørsmålet om han vil ha midtgang eller vindauge. Luiz blir til laurdag kveld.

Vi treff møteleiarane for dei andre forhandlingsprosessane. Dei fleste spørsmåla verkar handterbare. Eg åtvarer mot "ei bombe" under Kyoto2: Russland og spørsmålet om bruk av kvoter som er til overs frå førre Kyotoperiode. Ifølgje Kyotoprotokollen kan dei overførast til neste forpliktingsperiode.

Russland og andre austblokkland reduserte klimautsleppa sine dramatisk etter murens fall, då mykje forureinande industri vart lagt ned. Men Kyotoprotokollen har 1990 som basisår, då utsleppa var høge. Dermed har dei eit stort overskot av kvoter som dei kan selje til andre land. Kvotene er verdipapir, men representerer også enorme utslepp i åra som kjem om dei blir brukt. Til saman er det snakk om opp til 13 milliardar tonn CO2, eller 250 gonger Noreg sine samla utslepp i året!

På bordet hadde vi eit framlegg om kraftig innstramming, samt ei erklæring frå Kyoto2-landa om at dei ikkje vil bruke desse kvotene. EU har fått med seg Polen ved å opne for at nokre kvoter får lov til å reise mellom land. Vi forsøker å få Russland med på det same.

Russlands sjefsforhandlar Oleg Shamanov vil ikkje godta nokre restriksjonar. Han er totalt kompromisslaus. Og Russlands miljøvernminister har reist heim.

Det ironiske er at Russland sjølv ikkje skal vere med i Kyoto 2. Russland sin sjefsforhandlar trugar altså med å blokkere ein avtale landet hans ikkje vil vere med i. Mange er uroa. "Vi kjenner Oleg", seier dei. Han kan velte heile avtalen.

Natt til laurdag får eg to timers søvn. Klokka 8 opnar Al-Attiya plenum og legg fram fem dokument som partane skal få studere. Det skal enda gå nesten ti timar til saka er avgjort.

Vi må finne ei løysing på Russland-spørsmålet. Og løysinga må finnast i salen, vi kan ikkje sleppe folk ut kvar til sitt no. Då mistar vi momentum.

Skal vi utsetje problemet eit år eller to? Då vil EU-land protestere, og garantert utviklingslanda. Dei er mange. Russland er eitt land.

Eg er sterk motstander av å la eit land få presse alle dei andre 191 partane til å godta noko som kan gje opptil 13 milliardar tonn auka CO2-utslepp.

Vi står og sitt i ei klynge og forhandlar, synleg for alle. Al-Attiyah, Luiz, eg, Russland, Ukraina, Kviterussland, enkelte frå EU og u-landa og folka frå Klimasekretariatet. Russland nektar å gje seg.

I ein kort diskusjon i ein krok kjem forslaget opp: "Vi kan ta ein Cancun", seier ein. Kva betyr det? Å legge fram forslaget og ignorere protesten vi veit vil kome frå Russland.

I Cancun var det Bolivia som protesterte. Men kan vi overkøyre ei tidlegare supermakt som Russland? Det avheng av at ikkje fleire land protesterer. Det blir intense konsultasjonar som tek tid. Sikre kan vi ikkje vere.

Al-Attiyah har manus på kva han skal seie. Klokka 19 opnar plenum igjen.

Al-Attyiah seier raskt og bestemt medan han kikkar ned i bordet: Eg opnar partsmøtet til Kyotoprotokollen og legg fram dokument nummer L. 9, eg høyrer ingen protest. I decide! Og dunkar klubba i bordet. Slitne forhandlarar ser himmelfalne på kvarandre og klappar. Nokre tårar kjem fram. Oleg dunkar først handa i bordet, så namneskiltet til Russland. Men Al-Attiyah ser ned med det kvite hovudplagget som skjermar for utsikta og held fram klubbinga til alle naudsynte dokument er vedtekne.

Kyoto 2 er ein viktig avtale, som. vil gje utsleppskutt i meir enn 30 industriland. Utan Kyoto 2 hadde det heller ikkje blitt semje om resten av det som vert kalla "Doha Climate Gateway".

Vi må no lage ein ny klimaavtale der alle store land er med, ein bindande avtale basert på dei vitskapelege råda om ikkje å varme opp jorda med meir enn 2 grader. Den skal vere klar til 2015. Det er avgjerande, fordi Kyoto 2 berre omfattar om lag 14 prosent av verdas utslepp. No skal Noreg arbeide alt vi kan saman med mange andre for å få fram ein ny avtale. Det er naudsynt for å løyse klimaproblemet.