Historisk arkiv

Kronikk: Obama i neste presidentperiode – ein meir offensiv amerikansk klimapolitikk?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Dagens Næringsliv 14.11.12

Klimaendring vart ikkje nemnt med eit ord i debattane mellom Mitt Romney og Barack Obama og knapt nok elles i presidentvalkampen. Det var skuffande for alle som håpar på fornying av amerikansk klimapolitikk og at USA kan bli ein drivkraft i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Klimaendring vart ikkje nemnt med eit ord i debattane mellom Mitt Romney og Barack Obama og knapt nok elles i presidentvalkampen. Det var skuffande for alle som håpar på fornying av amerikansk klimapolitikk og at USA kan bli ein drivkraft i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Obama vann med relativt knapp margin på landsbasis og kontrollen med kongressen er framleis delt. Radikalt nye grep er difor knapt å vente. Obama har ikkje hatt stort klimapolitisk gjennomslag i sin første periode, men han har likevel vist at resultat kan oppnåast sjølv om motstanden er sterk.

Eg vil nemne eit par positive utviklingstrekk.

For det første: amerikanske klimautslepp flatar ut og går ned.
Ei viktig drivkraft er den raske veksten i bruk av skifergass, som har halvparten så høge CO2-utslepp som kol når det brukast til energiproduksjon. Men utfasing av gammal kolkraft til fordel for naturgass blir òg drive av Obama-administrasjonens utsleppskrav for luftforureining (som kvikksølv, svoveldioksid og NOx). I tillegg har miljøstyresmaktene byrja å stille krav til klimautslepp frå energisektoren. Obamas avtale med bilindustrien vil doble drivstoffeffektiviteten i personbilflåten innan 2025. Ulike analysar antyder at USA kan kome nær Obamas lovnad frå klimamøtet i København om 17 prosent reduksjon i klimautslepp innan 2020 samanlikna med 2005.

For det andre: California som er verdas niande største økonomi, vil frå januar ha eit kvotesystem som på sikt vil famne 85 prosent av klimautsleppa i delstaten.
Californias system kan knytast til andre, og den kanadiske provinsen Quebec har allereie gjort avtale om tilknyting. California har tradisjonelt vore ein miljøleiar blant delstatane og eit «laboratorium» for ny føderal politikk. Lukkast California med sitt kvotesystem vil det vere ein viktig demonstrasjon av praktisk klimapolitikk på amerikansk grunn.

Eit tredje utviklingstrekk er oppfatningar om klimaendring blant folk.
Her er kanskje ei negativ utvikling i ferd med å snu. Medieoppslag om klima hadde ein topp i 2008. Dette var året då sjølv republikanarar som Newt Gingrich gjekk inn for klimatiltak. Så kom eit tilbakeslag, og under valet i 2010 var både demokratar og republikanarar mest opptekne av å markere sin motstand mot kvotesystem og miljøreguleringar. Medieoppslaga vart redusert med 75-80 prosent.

I målingar denne hausten seier 7 av 10 amerikanarar at global oppvarming finn stad, og for første gong sidan 2008 meiner meir enn halvparten av dei spurde (54 prosent) at oppvarminga er menneskeskapt. Meir enn halvparten (58 prosent) seier òg at dei er «noko» eller «svært» bekymra over oppvarminga, den høgaste delen sidan november 2008. Respondentane viser òg til sine eigne observasjonar av varmare temperaturar og ekstremvêr.

USA har opplevd ein usedvanleg tett serie av ekstremvêr dei siste åra. Blant dei mest omtalte er den tiårige tørken i sørvest, tørken over mesteparten av landet i sommar og stormsystemet Sandy som overvelda delstatane New Jersey og New York for eit par veker sidan. Havnivåstiging, aukande intensitet i stormar og orkanar, auka nedbørsmengder i stormane og korleis infrastrukturen langs kysten kan hanskas med desse utfordringane, er høgt på dagsorden no.

Når det gjeld dei internasjonale klimaforhandlingane var klimatoppmøtet i Durban i 2011 eit gjennombrot for USAs krav om at ein bindande global klimaavtale må gjelde alle land. Dette legg grunnlag for at avtalen kan innehalde same krav til Kina og USA, noko som er særs viktig for USA. Så med Durbanavtalen har verda eit mykje betre grunnlag for få USA med på ein ny internasjonal klimaavtale.

Blant miljøorganisasjonar og andre som er opptekne av at USA skal få ein offensiv nasjonal klimapolitikk og bli ein pådrivar internasjonalt, er det likevel knapt nokon som trur på ein snarleg omvending blant amerikanarar flest. Likevel vil nok demokratane forfølgje ein klimapolitisk debatt og politikkutvikling med større energi i lys av alt ekstremvêret. New Yorks guvernør Andrew Cuomo har vore klår i talen sin etter Sandys herjingar. New Yorks ordførar, Michael Bloomberg, valde i siste augneblink å støtte Obama i presidentvalkampen, med klimapolitikken som viktigaste grunn.

I talen då valet var klart sist veke, sa Obama "We want our children to live in an America that isn't (...) threatened by the destructive power of a warming planet". Den komande presidentperioden må bli prega av at USA tek klimatrusselen på alvor og trappar opp innsatsen både på heimebane og internasjonalt.

Til slutt vil eg nemne at USAs klimapolitikk dei neste fire åra er tema for eit seminar i Oslo onsdag 14. november. Eg ser fram til å diskutere dette med amerikanske klimaekspertar og norske klimaforhandlarar.