Historisk arkiv

Kronikk: Politisk strategi - økonomiske verktøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Det mest effektive klimatiltaket er ein internasjonal avtale for alle land der vi sett eit tak på klimautsleppa, skriv Victor Norman, Karen Helene Ulltveit-Moe og Michael Hoel i Dagens Næringsliv. Perfekt! Men korleis kjem vi dit?

Eg er ein varm tilhengar av ein global klimaavtale der alle land er med, med ein pris på karbon, kvotehandel og eit system der vi reduserer mengda kvoter over tid. Slik kan vi gjere det dyrt å forureine og lønsamt å utvikle teknologi som reduserer utsleppa. Det vil ikkje vere mogeleg å flytte industri ut av regimet.

På same måte er eg ein varm tilhengar av internasjonale avtalar der alle land gradvis reduserer talet på atomvåpen, landminer og klasebomber heilt ned til null. Dei fleste globale problem vert best løyst med ein brei internasjonal avtale som fordeler byrdene på ein mest mogeleg effektiv  måte.

Det er berre eit problem. Eg kjenner faktisk ikkje eitt einaste døme på at ei viktig internasjonal oppgåve er blitt løyst på denne måten frå starten av.

Vi lever ikkje i ei friksjonsfri verd. Statar har ulike interesser, ulik makt og ulikt syn på verkemiddel. Det medfører fordelings- og maktkamp der alle slåst for sitt syn, og der dei landa som er mest interessert i ei løysing ofte må bidra mest.

Ein annan viktig mekanisme er idespreiing. Løysingar kjem gjennom stykkevise framsteg der enkeltland eller grupper av land lagar løysingar og prøver dei ut. Andre land ser at det fungerer, og fangar opp tankesettet bak.

Det er til dømes slik vi har hatt framgang i spørsmålet om forbod mot klasevåpen. Noreg var ein av pådrivarane i lag med aktørar frå sivilsamfunnet. I 2008 var representantar for over 100 land samla til underteikning av konvensjonen mot klaseammunisjon i Oslo. Saman skapte vi ein ny internasjonal norm fordi mange nok våga.

Kvikksølv er ei av dei farlegaste miljøgiftene vi har. Noreg  har gjennom mange år redusert bruk og utslepp av kvikksølv  betydeleg og gjekk tidleg inn for ein global avtale om å redusere kvikksølvutslepp. Dette fekk gradvis tilslutning frå andre land. Men USA, Kina og India var lenge skeptiske, mellom anna fordi dei var betenkte over å påleggje industrien kostbare tiltak. Kina og India ville prioritere økonomisk utvikling. 

USA snudde i februar 2009 etter at Obama kom til makta. Då snudde også resten av landa, og ein vart samd om å framforhandle ein global avtale innan 2013. Problemet er ikkje løyst, men framsteget er betydeleg.

Også på klimaområdet har Noreg gått føre med idear som har spreidd seg. Klima- og skogprosjektet var eit gjennombrot. Direktør for det internasjonale skogforskingsinstituttet (CIFOR) Frances Seymour seier i eit intervju at den norske klima- og skogavtalen med Indonesia var den viktigaste hendinga på dei 25 årene ho har følgt den indonesiske skogsektoren. Avtalen har ført til langt større openheit om forvaltinga av Indonesias skogar.

Det fagfeltet eg har utdanninga mi frå, statsvitskapen, har ei omfattande forsking om slike prosessar. Ved å bygge på denne kunnskapen kan vi betre forstå rasjonalet i å vere ein pådrivar, bygge alliansar og gjere meir enn andre for å finne ei løysing. Samfunnsøkonomien vil likeeins gje oss kunnskap om kva for verktøy som er mest effektive. Viss vi er samde om dette, vil vi kunne få ein meir meiningsfull debatt om kva for verkemiddel økonomane då ville anbefale.

Vi skal gjennomføre omfattande klimatiltak i Noreg for å dra med oss andre, men også fordi vi har stor eigeninteresse av slike tiltak. Det dreier seg ikkje om pinsler, men om klokskap.

For det første vil dei landa som er tidleg ute med å omstille seg ha ein fordel i eit framtidig globalt klimaregime. Det er framtidsretta å satse på fornybare energikjelder og energieffektivisering så tidleg som mogeleg, ikkje vente til den perfekte globale klimaavtalen er på plass.

For det andre vil dei fleste klimatiltak gje betre liv for folk flest. Vi vil få betre hus med lågare strømrekning, kollektivtransport som går oftare og ein meir omstillingsdyktig industri – til kostnader vi kan handtere. Men vi bør, så langt politisk mogeleg, velje effektive tiltak.

Økonomifaget kan gje avgjerande bidrag til kva verkemiddel som er effektive i klimapolitikken, slik statsvitskapen kan gje kunnskap om korleis statar kan nå fram til ei internasjonal løysing. Men begge er fag som kan gje oss kunnskap om verktøy. Så er det vi politikarer som må gjennomføre løysingane og gjere avvegingane.