Historisk arkiv

Innlegg: Meir pengar til kulturminne – Kulturminnefondet held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Nationen 18.10.12

Kulturminnefeltet får den kraftigaste veksten vi har sett på fleire år i eit statsbudsjett. Det er eg stolt over å ha fått til. Difor er eg overraska over kritikken som har kome fram dei siste dagane.

Kulturminnefeltet får den kraftigaste veksten vi har sett på fleire år i eit statsbudsjett. Det er eg stolt over å ha fått til. Difor er eg overraska over kritikken som har kome fram dei siste dagane.

Fortidsminneforeininga seier til Nationen fredag at deira budsjettkutt kan ramme stavkyrkjene. Nedgangen i grunnstøtte til Fortidsminneforeininga skuldast ei omlegging av heile tilskottsordninga til organisasjonane. Hensikta var å få ei meir etterprøvbar fordeling av midla. Nokre fekk ein auke, andre fekk mindre.

Samla sett aukar tilskotta til frivillige organisasjonar i kulturminnevernet med 1,2 millionar kroner eller 15,3 prosent frå 2012 til 2013. Samanliknar vi med 2011, er det ein auke på 2,9 millionar eller 41,3 prosent.

På årets budsjett er det i tillegg ein auke på 40 millionar kroner på kulturminneområdet. Mykje av dette går til Riksantikvarens arbeid med å setje i stand dei freda og fredingsverdige kulturminna, som til dømes stavkyrkjene.

15 millionar er øyremerka Odda. Anlegga på smelteverkstomta i Odda er tekniske og industrielle kulturminne av nasjonal verdi. Dei har også potensial som framtidig verdsarv. Store og viktige delar av dette anlegget vart nyleg freda, og vi må no ta tak i arbeidet med å sikre anlegget for å utvikle området til beste for heile Odda-samfunnet.

Når 15 av dei 40 millionane er øyremerka Odda, står det framleis 25 millionar att. Desse 25 millionane er nye, friske pengar som ikkje er endeleg fordelte enno. Dei vil kunne brukast til å styrkje arbeidet med å ta vare på fartøya, stavkyrkjene, ruinane og dei tekniske og industrielle kulturminna våre, samt gje tilskott til privatpersonar som eig freda anlegg.

Kulturminnefondet er framleis det viktigaste verkemiddelet i arbeidet med å ta vare på dei verneverdige kulturminna. Det er difor misvisande når Sjur Harby skriv i Nationen tysdag at Norsk kulturminnefond skal leggjast ned. I budsjettet for neste år er det ikkje foreslått noka endring for fondet, korkje når det gjeld virkeområde, organisering, arbeidsmåte eller forholdet til departementet. Den einaste endringa er at fondet i framtida skal få tilskott direkte over statsbudsjettet, ikkje gjennom avkasting frå fondskapitalen.

Grunnen til at vi gjer det på denne måten, er at fondet kunne gå ei usikker framtid i møte om det framleis skulle vere avhengig av utviklinga i rentemarknaden. Alt skal med andre ord fungere som før, men midla vil kome frå ei anna kjelde. Ingen har noko å frykte for framtida, korkje dei som har søkt om pengar frå fondet eller dei som kjem til å gjere det i framtida.

Alle postar på statsbudsjettet er underlagt politisk styring. At dette skulle vere illevarslande for demokratiet, har eg vanskeleg for å skjøne.