Historisk arkiv

Innlegg: Kunnskapsbasert politikk, ikkje hestehandel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Nationen 16.04.13

Miljøverndepartementet har følgt miljøfaglege råd og bedt om meir utgreiing i Engebøsaka. Vi har teke omsyn til fiskeriinteressene og lytta både til våre eigne miljødirektorat, Fiskeri- og kystdepartementet og Havforskingsinstituttet.

Hanne Markussen Eek og Elisabeth Gammelsæter frå Norsk Bergindustri kallar det hestehandel i eit innlegg i Nationen 10. april. Eg vil kalle det kunnskapsbasert politikk. I strategien for utvikling av mineralnæringa, varslar vi at kvar enkelt sak som gjeld deponering skal handsamast for seg. Prosjekta må vurderast opp mot mellom anna omsynet til miljø og andre næringar.

I denne saka er det uvisse om kva for konsekvensar eit fjorddeponi vil ha for fiskerinæringa og naturmangfaldet i fjorden. Både Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvalting tilrår meir utgreiing. Det kan ikkje komme som ei overrasking at Miljøverndepartementet lyttar til desse råda, i tillegg til fiskerifaglege råd.

Det vi har sagt, er at vi ikkje kan avgjere saka før vi har fått meir kunnskap. Vi etterlyser ei kartlegging av strømmingsmønsteret i fjorden og ei grundigare vurdering av risiko for spreiing av finpartiklar, samt enkelte andre tilhøve. Desse tilhøva omfattar noko meir kunnskap om naturmangfaldet i deponiområdet, effektar av sprenging på fisk og informasjon om bruk av ferskvatn.