Historisk arkiv

Innlegg: Ta ei utdanning som formar framtidas Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Dagsavisen 10.04.13

For 20 år sidan gjekk 60.000 bilar i døgnet over Rådhusplassen i Oslo. No er plassen ein bilfri oase der du kan gå på konsert og nyte musikk i lyse sommarkveldar. Trafikken er under jorda, eksosen er erstatta med frisk sjøluft. Det er eit resultat av god samfunnsplanlegging.

Kabelvåg Torg vart brukt som parkeringsplass og låg aude og forlate med ryggen mot byen. No er bilane forsvunne, båtane attende og torget er ein stad for menneske og kultur. Det er også eit resultat av god samfunnsplanlegging.

15. april vel 40.000 ungdommar sine utdanningsløp innan høgare utdanning. Vala påverkar viktige samfunnsoppgåver i eit 40-årsperspektiv.

Årleg vert det utanna 100 samfunnsplanleggarar her i landet. Vi treng minst 300.

Difor har eg ei lita oppmoding til deg som no skal velje utdanning: Tenk over om ei utdanning som samfunnsplanleggar kan vere noko for deg. Det vil gje ei unik mogelegheit til å påverke samfunnsutviklinga gjennom kreativt teamarbeid med andre fagfolk. Det er jobbmogelegheiter i heile landet, og du er nærast garantert jobb.

Vår tids største utfordring er å ta hand om den store befolkningsveksten. Til det treng vi gode samfunnsplanleggarar som kan skape trivelege byrom og nok bustader, sørgje for gode kollektivløysingar, parkar, sykkelstiar og barnehagar der folk bur. God planlegging er viktig både av omsyn til klimaendringane og folkehelsa.

Arealpolitikk er alle transportars mor, er det ein vegsjef som har sagt. Transport handlar om å frakte folk frå A til B, medan arealpolitikk handlar om kvar vi legg A og B i forhold til kvarandre. Som samfunnsplanleggar vil du kunne vere med på å finne smarte løysingar på kvar A og B plasserast, og korleis folk skal kome seg frå A til B på ein effektiv og miljøvennleg måte.

I dag finst utdanningar innan planlegging ved mellom anna universiteta i Tromsø, Trondheim og på Ås, og på høgskolen i Volda. Utdanningsløpa har ulike namn, men tanken er felles: Eit tilbod om brei kompetanse til ungdom som vil gje seg i kast med dei store samfunnsmessige utfordringane i framtida. Etterspørselen er stor etter fagfolk som kan arbeide langsiktig og heilskapeleg med samfunnsutvikling og konkrete utbyggingar. Bli med å utforme framtidas Noreg!