Innlegg: Ut på tur utan pass
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Sendt til Nationen og Avisa Nordland
Tale/innlegg | Dato: 20.03.2013
Folk skal kunne gå på blåbærtur utan å ha med seg pass. Det har dessverre spreidd seg ei misforståing om at Miljøverndepartementet vil pålegge folk å legitimere seg når dei er på tur. Det har vi aldri meint.
I eit høyringsutkast foreslo departementet legitimeringsplikt for dei som har løyve til spesiell aktivitet i utmarka, som jakt, fiske og køyring med snøscooter. Slike løyver er personlege. Difor kan det av og til vere behov for at Statens naturoppsyn sjekkar identiteten til dei som har til dømes jegeravgiftskort eller scooterløyve. Det var aldri noko framlegg om at naturoppsynet skulle kunne krevje inn bøter for manglande legitimasjon.
Det er ikkje alminneleg plikt til å bere legitimasjon i Noreg. Vi vurderte at det ikkje var behov for å gje Statens naturoppsyn ei særstilling i så måte, og gjekk difor bort frå dette framlegget. Så det ligg altså ikkje føre noko framlegg om legitimasjonsplikt for nokon som ferdast i utmarka.