Innlegg: Klimatilpassing – enda meir føre var
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
VG, 07.06.13
Tale/innlegg | Dato: 07.06.2013
Førre veke var eg i Fetsund, der Øyeren var i ferd med å gå over sine breidder. Det som slo meg, var at folka, kommunen og redningsmannskapa var så godt førebudd. Det var eit døme på klimatilpassing som vi må ha meir av i framtida.
Førre veke var eg i Fetsund, der Øyeren var i ferd med å gå over sine breidder. Det som slo meg, var at folka, kommunen og redningsmannskapa var så godt førebudd. Det var eit døme på klimatilpassing som vi må ha meir av i framtida.
5. juni er verdas miljødag. Det viktigaste vi må gjere, er å redusere klimagassutsleppa. Men sjølv om verda lukkast med å avgrense den globale oppvarminga til to grader, vil klimaet i Noreg endre seg.
Vi har alltid tilpassa oss flaum og andre klimafenomen i Noreg, men klimaendringane vil gjere dette enda meir naudsynt. Vi har allereie merka klimaendringane – du kan sjå at breane smeltar både på Svalbard og i Sogn og Fjordane.
I framtida får vi enda varmare og våtare vêr. Flaum og skred vil førekome oftare og ha større omfang. Havnivået kjem til å stige mange plassar. Dette må vi tilpasse oss. Difor har regjeringa lagt fram ei stortingsmelding om klimatilpassing.
Meldinga slår fast at alle sektorar har eit ansvar for klimatilpassing, medan styresmaktene skal legge til rette for at dei kan ivareta dette ansvaret. Transportsektoren må ivareta behovet for klimatilpassing når det skal byggjast vegar og jernbaneliner, medan kommunane må sjå etter at avløpsnettet er riktig dimensjonert.
I Stavanger vart det nye kulturhuset bygd høgare enn planlagt av omsyn til springflo og framtidig havnivåstiging. Det var viktig å unngå at vatnet rann inn i den majestetiske foajeen.
E6 gjennom Gudbrandsdalen mellom Øyer og Tretten vart heva 36 centimeter etter flaumen i 2011. Den nye E6 mellom Ringebu og Otta blir bygd etter nye og skjerpa reglar, der vegane dimensjonerast for 200-årsflaum pluss ein klimafaktor eller sikkerheitsmargin på ein meter.
I bustadfeltet på Øya i Fetsund var det mange som hadde rydda ut av kjellarane sine. Plastkassar med ting var plassert på verandaen i annen etasje. Beredskapsteamet frå kommunen hadde vore ute med oppdatert informasjon og hjelpt folk som trengte det.
Det gjorde sterkt inntrykk å sjå merkesteinen ved Fetsund lenser: Nivået for Storofsen i 1789 var sju meter høgt. Nivået for flaumen vi hugsar frå 1995 var nesten nede ved bakken.
I 1789 var det ikkje klimaendringar forårsaka av CO2-utslepp som medverka til flaumen, men ekstrem nedbør og sommarvarme. Mellom 60 og 80 menneskeliv gjekk tapt og Mjøsa vart ikkje rein før etter to år.
Vi må arbeide for at ein liknande flaum no ikkje skal få så store konsekvensar. No har vi mykje betre føresetnader for å handtere flaum og anna ekstremvêr, og dei må vi dra nytte av.
Naturskadeordninga er ei unik ordning som gjev gode rammar for dei som råkast av naturskadar, og det er rom for å krevje førebyggande tiltak når ting skal byggjast opp att.
Ei viktig oppgåve for styresmaktene er å sikre tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag som grunnlag for gode framskrivingar. Mange kommunar er i sving med å integrere klimatilpassing i lokale planar, medan nokre ikkje er det. For å hjelpe kommunane i deira arbeid skal det utarbeidast ei statleg planretningsline. Den vil samle regelverket på området, gje tydelegare styringssignal og betre rettleiing.
Det viktigaste er å kutte klimagassutslepp. Men i tillegg må vi tilpasse oss dei klimaendringane som vi veit kjem.