Historisk arkiv

Kronikk: Den siste olje?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Dagbladet 13.02.13

Av og til må vi politikarar ta avgjerder som står seg i generasjon etter generasjon, utan å la den kortsiktige kalkulatoren bestemme.

Av og til må vi politikarar ta avgjerder som står seg i generasjon etter generasjon, utan å la den kortsiktige kalkulatoren bestemme.

Det bles ein iskald vind inn frå havet nordvest av Laukvik. Eg står utanfor fiskemottaket og snakkar med Leif Karlsen.

Som gutunge drøymde han om å bli fiskar. No er han leiar i Vågan fiskarlag. "Det finst berre eit Lofoten, berre eit i heile verda" seier han. "Og sjølv her skal oljen opp". Han er mot oljeboring utanfor Lofoten. Ein skepsis han deler med fleirtalet i regionen, ifølge ei fersk måling.

Kva dreier dette vegvalet seg om? For det første er det eit næringsval. Mellom fornybare og fossile næringar.

I Lofoten er det fire fiskeartar som gyter om lag på same stad – torsk, sild, hyse og sei. Her er verdas største torskebestand. Området er lite og ligg nær land.

Olje og fisk har levd godt i lag andre stader, seier mange. Men oljeverksemda i Nordsjøen og Norskehavet har skjedd på det opne havet der fiskebestandane lever spreidd. Naturen sjølv kan rydde opp i utsleppa. I Lofoten vil det ta svært kort tid før olja treffer land ved eit utslepp, ned i sju og ein halv time.

Lofoten er eit kjend varemerke i reiselivet – her kan du bu i rorbu, vandre langs kvite strender og gå rett frå fjord til fjell. Lofoten kan hamne på UNESCOs liste over dei mest verdifulle stadene i heile verda.

Oljen kan sperre for vekst og utvikling i reiseliv og fiske. For det første gjennom direkte konsekvensar av ulykker. Oljeutslepp kan svekke fiskebestanden. Tilgrisa strender harmonerer ikkje med ønsket om rein natur.

For det andre gjennom kamp om arbeidskraft. Oljenæringa tiltrekk seg viktig arbeidskraft som også trengst i andre næringar.

For det tredje kan nedbygging av kapasitet i turisme og fiskeri gje tap av kompetanse i ein heil generasjon. Dersom fleire sluttar på båt for å begynne i oljeverksemda, kan fiskemottaket og andre bedrifter bli nedlagte. Dermed forsvinn både struktur og kompetanse som ikkje kjem attende av seg sjølv når olja tek slutt. Dersom vi svekker merkevaren Lofoten som rein natur, vil det ta lang tid å få den attende.

Vi står overfor eit verdival mellom olje og miljø. Skal vi nå målet om at oppvarminga av jordkloden ikkje skal overstige to gradar, må bruken av fossil energi ned. Kvifor ikkje då skjerme dei mest sårbare områda?

Fisken har vore ein eksportartikkel i hundrevis av år, og den er fornybar dersom vi tek godt vare på den. Oljealderen tek slutt og bidreg til global oppvarming som kan truge livsgrunnlaget vårt. Ifølge SINTEF er sjømat framtidas store vekstnæring og vil overstige eksportinntektene frå olje innan 2050.

Kunnskapsinnhentinga om Lofoten er langt frå ferdig. Den handlar om verknader av auka satsing på fiskeri, reiseliv, fornybar energi og andre næringar. Kunnskapen må vi bruke i den neste oppdateringa av forvaltingsplanen.

Forvaltingsplanar skal gripe over fleire sektorar, både fiskeri, olje og gass, reiseliv og naturmangfald. Heile hensikta med forvaltingsplanar er å vege ulike interesser opp mot kvarandre.

Ei konsekvensutgreiing etter petroleumsloven vil vere eit trappetrinn mot den siste dråpe olje. Alternativet er gjennomtenkte grenser for oljeindustrien for å verne om naturomsyn. Det finst berre eit Lofoten. Eg vil ta vare på det for dei som kjem etter meg.