Historisk arkiv

Næringsminister for ein dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Stian Fjerdingen som nærings-og handelsminister

17 år gamle Stian Fjerdingen vann i år NM for ungdomsbedrifter. I samband med arrangementet "Leder for en dag" vart Stian statsråd for ein dag i Nærings- og handelsdepartementet.

Næringsminister for ein dag

17 år gamle Stian Fjerdingen vann i år NM for ungdomsbedrifter, med bedrifta Look & See. I samband med arrangementet "Leder for en dag" vart Stian næringsminister for ein dag.

- Eg må vera ein av dei heldigaste som er med på dette arrangementet, sa Stian då han fekk vita at han skulle vikariera for statsråd Odd Eriksen. Stian Fjerdingen bur i Moss, og går i andre klasse på Askim videregående skole.

Organisasjonen Ungt Entreprenørskap står bak arrangementet "Leder for en dag". I år fekk 40 ungdomar, som alle har vore med i ungdomsbedrifter, følgja leiarane i ulike bedrifter og organisasjonar. Bedrifta Stian er med i, Look & See, har utvikla miljøvenlege våtserviettar som skal hindra at det doggar på spegelen på badet. Seinare i år reiser ungdomane i bedrifta til EM for ungdomsbedrifter i Sveits.

Nærings- og handelsdepartementet gir i 2006 Ungt Entreprenørskap eit tilskot på 10 millionar kroner. Det er ein auke på 6 millionar frå i fjor.

Dersom me skal sikra gode velferdstenester i framtida, må me få fram nye bedrifter og arbeidsplassar. Ungt Entreprenørskap bidrar til nettopp dette, sa nærings- og handelsminister Odd Eriksen til vikaren sin.

Møte med statsministeren

Næringsminsteren og vikaren hans hadde ein travel dag i regjeringskvartalet. Dei diskuterte blant anna elektroniske tenester for næringslivet med ei rekkje offentlege etatar, dei hadde ei arbeidsøkt på statsrådens kontor, og Stian var med då den ekte næringsminsteren delte ut miljøprisen "Glassbjørnen" på Folkets hus. Dei to var også på Statsministerens kontor, der dei i tillegg til å helsa på statsministeren, møtte fleire av dei andre statsrådane i regjeringa.

- Det var veldig morsomt å helsa på statsminsteren og dei andre statsrådane, sa Stian.

Stian trur ikkje at han nokon gong vert "ekte" næringsminister. - Nei, eg trur ikkje det. Men eg ser ikkje bort frå at eg kjem til å driva med noko innan næringslivet. Det er uansett nyttig å ha fått innsyn i korleis det politiske livet fungerer.

16. mai 2006