Historisk arkiv

Lansering av Sikkerhetsportalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Torsdag vart Sikkerhetsportalen lansert. Portalen skal gjera det enklare og tryggare for private og næringsdrivande å bruka offentlege tenester på Internett.

Lansering av Sikkerhetsportalen

Torsdag vart Sikkerhetsportalen lansert. Portalen skal gjera det enklare og tryggare både for private og næringsdrivande å bruka offentlege tenester på Internett. Sikkerhetsportalen sørgjer for sikker dialog mellom brukaren og det offentlege, og fører samtidig til forenkling av elektronisk kommunikasjon. Brukarane av offentlege tenester skal berre behøva å identifisera seg ein gong, enten dei bruker tenester i Altinn, Min side eller på nettsidene til ulike etatar og kommunar.

Portalen vart formelt opna av fornyingsminister Heidi Grande Røys. Det er Brønnøysundregistra som har leia arbeidet og som no skal forvalta Sikkerhetsportalen.

Les pressemeldinga på nettsidene til Brønnøysundregistra: http://www.brreg.no/presse/pressemeldinger/2005/12/sikkerhetsportal.html


16. desember 2005