Historisk arkiv

Stor solkontrakt til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Noreg har fått oppdraget med å lasta ned og distribuera rådata frå solsatellitten Solar B. Kontrakten på om lag 60 millionar kroner vart underskriven fredag.

Stor solkontrakt til Noreg

Norske forskarar og norsk industri har fått oppdraget med å lasta ned og distribuera vitskaplege rådata frå solsatellitten Solar B. Kontrakten er på om lag 60 millionar kroner, og er ein av dei største norsk industri nokon gong har fått frå den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Kontrakten vart underskriven fredag. Japan står bak Solar B-prosjektet, og satellitten skal skytast opp i 2006.

ESA skal lasta ned hovudtyngda av rådata frå satellitten. Det skal også byggjast eit europeisk datasenter som skal distribuera materialet frå Solar B. Begge ESA-oppdraga er gått til norske industri- og forskingsmiljø.

- Samarbeidet mellom ESA og Norsk Romsenter vil gje store moglegheiter for norske rombedrifter i nordområda, seier statssekretær Frode Berge i Nærings- og handelsdepartementet.

Les pressemeldinga på nettsidene til Norsk Romsenter: http://www.romsenter.no/artikkel.cfm?aid=9&bid=10&oid=561


19. desember 2005