Historisk arkiv

Årsmøte i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet leiar den norske delegasjonen på årsmøtet i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD) i London 22. mai.

Årsmøte i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling

Statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet leiar den norske delegasjonen på årsmøtet i Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD) i London 22. mai.

Yrvin vil i det norske innlegget koma med synspunkt på bankens strategi dei neste fem åra.

– Det er framleis mange land i Sentral- og Aust-Europa som har ein lang veg å gå før dei kan karakteriserast som demokrati med ein fungerande marknadsøkonomi. EBRD bør styrkja verksemda si i desse landa, seier Yrvin.

EBRD er ein kommersiell multilateral utviklingsbank med hovudkontor i London. EBRD finansierer prosjekt i 27 land i Sentral- og Aust-Europa. Dette er land som vedkjenner seg til prinsippa om fleirpartidemokrati og marknadsøkonomi.

– Dei nye EU-landa har kome langt på veg i endringsprosessen. Eg ser det som naturleg at EBRD trappar ned verksemda si i desse landa, til fordel for dei landa der det enno ikkje har skjedd så mange endringar.

Noreg støttar framleis EBRDs prioritering av prosjekt i Russland. Dette gjeld ikkje minst nordområda, der Noreg har sterke interesser i ei styrkt utvikling.

Yrvin vil i tillegg understreka at EBRD aktivt må arbeida mot korrupsjon i dei landa banken har prosjekt. Ho oppmodar til eit nært samarbeid med andre multilaterale finansinstitusjonar.

– Eg trur det har mykje for seg å la land som ikkje er kjende for å respektera demokratiske spelereglar eller menneskerettar få høyra at me har forventningar til ei positiv utvikling, seier Yrvin.

Noreg er éin av 62 aksjeeigarar i EBRD, med ein eigardel på 1,25 prosent. Dette tilsvarar om lag 2 milliardar kroner. Den totale aksjekapitalen i EBRD er på 20 milliardar euro. Det er viktig for verksemda at sunne bankprinsipp skal følgjast, at finansieringa kjem i tillegg til finansiering frå andre kjelder og at prosjekta skal ha positiv verknad på endringsprosessen i aust.

Les statssekretær Yrvins tale på årsmøtet.



22. mai 2006