Historisk arkiv

Forenkling har spart norske bedrifter for 580 årsverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Næringslivet brukar stadig mindre tid på statlege skjema. I 2005 brukte norske bedrifter 580 færre årsverk enn året før i arbeidet med utfylling av statlege skjema.

Forenkling har spart norske bedrifter for 580 årsverk

Næringslivet brukar stadig mindre tid på statlege skjema. Nye tal frå Oppgåveregisteret i Brønnøysund viser at arbeidet med å redusere næringslivets administrative byrder gir resultat. I 2005 brukte norske bedrifter brukte 580 færre årsverk enn året før i arbeidet med utfylling av statlege skjema. Dette er det beste forenklingsresultatet nokon gong sidan Oppgåveregisteret vart etablert i 1998.

- Det er svært gledeleg at vi no ser konkrete resultat at lang tids satsing på forenkling for næringslivet, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen. - Dette er eit resultat som gir inspirasjon til den vidare satsinga på forenkling.

Det aller meste av nedgangen i 2005 skuldast overgang til elektronisk innrapportering.

Les pressemeldinga frå Brønnøysundregistra: http://www.brreg.no/presse/pressemeldinger/2006/01/belastningsstatistikk_n.html

Les om saka i Aftenposten:
http://www.aftenposten.no/nyheter/okonomi/article1199652.ece




17. januar 2006