Historisk arkiv

Gründerjakt på tv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Måndag er det premiere på gründerserien Skaperen på TV2. Fleire hundre menneske har meldt seg på med sine forretningsidear og oppfinningar, og no skal juryen plukka ut ein vinnar.

Gründerjakt på tv

Måndag er det premiere på Innovasjon Norge og TV2s gründerserie Skaperen. Fleire hundre menneske har meldt seg på med sine idear og oppfinningar, og no skal juryen plukka ut ein vinnar.

Fagpanelet har reist landet rundt for å finna Noregs beste forretningsidé eller oppfinning. Randi Egge Husby frå Innovasjon Norge, mobilgründer Idar Vollvik og tidlegare ordførar i Trondheim, Anne Kathrine Slungård, har plukka ut dei ideane dei meiner har best føresetnader for å lukkast forretningsmessig.

- Me er avhengige av personar som kan skapa initiativ og gode idear om til levedyktige bedrifter, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen. - Dette vil sikra den framtidige velferda vår.

Programmet er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge og TV2.

Les meir på Nettsidene til Innovasjon Norge