Historisk arkiv

Internasjonalt ekspertmøte om forenkling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Denne veka var representantar frå heile Europa samla i Oslo for å diskutera forenkling for næringslivet. Korleis skal ein på ein best mogleg måte finna tiltak som bidrar til konkrete forenklingar for bedriftene?

Internasjonalt ekspertmøte om forenkling

Denne veka var representantar frå heile Europa samla i Oslo for å diskutera forenkling for næringslivet. Korleis skal ein på ein best mogleg måte finna tiltak som bidrar til konkrete forenklingar for bedriftene? Noreg har kome langt i dette arbeidet.

Regjeringa har nyleg vedteke å setja i gang eit omfattande prosjekt for kartlegging og forenkling av regelverket, slik at bedriftene sine kostnader ved å følgja regelverket kan kuttast. Kartlegginga vert gjort ved hjelp av den såkalla standardkostnadsmodellen, ein modell utvikla i Nederland. Metoden gjev detaljert informasjon om kva arbeidsoperasjonar bedriftene må utføra for å leva opp til krav frå styresmaktene. På denne måten kan ein finna fram til treffsikre forenklingstiltak.

Noreg er blant dei landa som først tok metoden i bruk, og Nærings- og handelsdepartementet har allereie fått gjennomført kartlegging av tre regelverksområde. No skal enda fleire regelverksområde kartleggjast.

- Alt regelverket som vedgår bedriftene skal vurderast for å finna gode forenklingstiltak, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen. - Me tek sikte på at sjølve kartlegginga skal vera ferdig i løpet av hausten 2007, og så skal me gjera det me kan for å gjennomføra forenklingstiltak som betyr noko for bedriftene.

ØRepresentantar frå Noreg, Nederland, Danmark, Sverige, Storbritannia, Ungarn, Polen, Frankrike, Tsjekkia og Austerrike deltok på møtet i Oslo. OECD deltok som observatør. Alle deltakarlanda kartlegg bedriftenes administrative kostnader ved hjelp av standardkostnadsmodellen.

Les mer om deltakerne i nettverket og hva som er gjort i de ulike landene: www.administrative-burdens.com




5. mai 2006