Historisk arkiv

Næringsutvikling og energi på SIVA-samling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Næringsutvikling og energi var sentrale tema då SIVA-nettverket møttest i Molde denne veka. – Energiressursane våre skaper grunnlag for nyskaping, næringsutvikling og vekst, sa Odd Eriksen.

Næringsutvikling og energi på SIVA-samling

Næringsutvikling og energi var viktige tema då SIVA-nettverket møttest i Molde denne veka. SIVAs nettsamlingar er ein møtestad for ulike miljø som er involverte i bedrifts- og næringsutvikling. Målet er å etablera og styrkja nettverket, utveksla erfaringar og bidra til å utvikla levedyktige bedrifter.

– Det er neppe tilfeldig at SIVAs nettsamling denne gongen er lagt til Molde. Det enorme ilandføringsanlegget for Ormen Lange reiser seg i desse dagar på Aukra i Møre og Romsdal. Dette er eit tydeleg bevis på at energiressursane våre skaper grunnlag for nyskaping, næringsutvikling og vekst, seier Eriksen.

Kompetanse, teknologi, innovasjon og naturressursar vil vera grunnlag for at det vert skapt verdiar i norsk næringsliv i framtida. Det handlar om det me skal leva av i framtida, seier Eriksen.

– Ei viktig utfordring vert å trekkja verdiskapinga ”inn på land”. Utgangspunktet må væra at utvinning og bruk av naturressursar skal gje arbeidsplassar og aktivitet lokalt og regionalt. For størst mogleg effekt må næringsliv, forskingsinstitusjonar og styresmakter spela på lag.

Det auka behovet for kraft i Midt-Noreg var eit naturleg tema på konferansen. Statoil og Shell har nyleg presentert planar om eit gasskraftverk med CO 2-rensing på Tjeldbergodden. Eriksen la vekt på at gode løysingar for handtering av CO 2 er viktig for å sikra kraft til industrien.

– Eg tenkjer då spesielt på behovet for auka tilgang på kraft i Midt-Noreg. Regjeringa ser no på søknaden om å forlenga fristen for fullføring av det planlagde gasskraftverket i Skogn. Realisering av eit gasskraftverk på Tjeldbergodden vil også vera viktig for å møta det auka kraftbehovet.

140 personar deltok på nettsamlinga måndag og tysdag. Måndag ettermiddag var deltakarane på omvising på Nyhamna, ilandføringsanlegget til Ormen Lange.

Les også:

Energi – rammebetingelser og muligheter. Eriksens tale til SIVAs nettsamling.

Næringsutvikling og energi. Innlegg i Adresseavisen 27. mars.

Odd Eriksen i debatt om næringsutvikling og energi med Frederic Hauge i Bellona og Eli Arnstad i Enova

Odd Eriksen i debatt om næringsutvikling og energi med Frederic Hauge i Bellona og Eli Arnstad i Enova (skjult)




29. mars 2006