Historisk arkiv

Skaperkraft 06

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Kari Traa AS vann Innovasjon Norges Kommersialiseringspris for 2006 for den vellukka lanseringa av Kari Traa-kolleksjonen. Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen delte ut prisen i Oslo Konserthus onsdag.

Juryen seier om produkta at dei har annanleis design, med ein heilskapleg kombinasjon av tradisjon og nyskaping. Personen Kari Traa er eit merkenamn i seg sjølv. Det har opna dører for samarbeid med internasjonale aktørar og for lansering av produktet i ein internasjonal marknad.

Kommersialiseringsprisen skal inspirera norske bedrifter til å fokusera meir på kommersialiseringsfasen av nye bedrifter.

- Det er når ein god idé vert sett ut i livet og nokon er villige til å kjøpa han, at det vert ein suksess. Dei som klarer å få til det, er dei som skaper morgondagens næringsliv, sa Dag Terje Andersen då han delte ut prisen.

Les meir om Kari Traa AS og dei andre vinnarane på Innovasjon Norges nettsider: http://www.innovasjonnorge.no/templates/Page_Meta____63949.aspx

Dag Terje Andersen og Kari Traa saman med vinnarane av Reodor-prisen, Trondheimsbedrifta ARM Norway AS/Falanx.
Dag Terje Andersen og Kari Traa saman med vinnarane av Reodor-prisen, Trondheimsbedrifta ARM Norway AS/Falanx.

30. november 2006