Utvikling av nordnorsk reiseliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 13.01.2006 | Sist oppdatert: 04.10.2006
- Norsk reiseliv står overfor mange utfordringar. Men me har også mange gode eksempel på korleis me kan trekkja reisande til Noreg, sa nærings- og handelsminister Odd Eriksen då han deltok på Nord i Sør-konferansen på Hurtigruta torsdag.
Utvikling av nordnorsk reiseliv
- Norsk reiseliv står overfor mange utfordringar. Men me har også mange gode eksempel på korleis me kan trekkja reisande til Noreg, sa nærings- og handelsminister Odd Eriksen då han deltok på Nord i Sør-konferansen på hurtigruteskipet Midnatsol torsdag. - Mange av dei gode eksempla finn me i Nord-Noreg, sa Eriksen.
Aktørar frå reiselivet i Nord-Noreg var torsdag samla på hurtigruteskipet Midnatsol, som då låg til kai i Oslo. Saman med politikarar og andre diskuterte dei utfordringane det nordnorske reiselivet står overfor.
- Visjonane for reisemålet Noreg er at me skal ta ein større del av den internasjonale veksten i reiselivet, sa Eriksen.
Eriksen peika på at samarbeid mellom næringane, offentlege styresmakter og virkemiddelapparatet i mange tilfelle har vist seg å vera svært vellukka, også i nord. - Dersom me også i framtida skal klara å snu utfordringar til moglegheiter, må me sjå meir av denne typen partnerskap, sa Eriksen.
Les statsrådens tale her:
http://odin.dep.no/nhd/norsk/aktuelt/taler/minister/024151-090007/dok-bn.html
Statsråd Odd Eriksen under Nord i Sør-konferansen på
Hurtigruta.
13. januar 2006