Historisk arkiv

Vil kutta i bedriftenes regelverkskostnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa tar eit krafttak for å finna ut kva delar av regelverket som kostar unødvendig mykje for næringslivet. - Målet er å gjennomføra forenklingar som merkast ute i bedriftene, seier nærings- og handelsministeren.

Vil kutta i bedriftenes regelverkskostnader

Regjeringa tar eit krafttak for å finna ut kva delar av regelverket som kostar unødvendig mykje for næringslivet. - Målet er å gjennomføra forenklingar som merkast ute i bedriftene, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

Nærings- og handelsministeren set no i gang eit arbeid for å kartleggja tida bedriftene brukar på å oppfylla styresmaktenes krav om informasjon. Alt regelverket som vedgår bedriftene skal granskast for å finna gode forenklingstiltak. Dei arbeidsoperasjonane bedriftene må utføra for å etterleva krav frå styresmaktene skal kartleggjast.

- Eg tar sikte på at sjølve kartlegginga skal vera ferdig i løpet av hausten 2007, og deretter skal me fokusera på å gjennomføra tiltak som kjem bedriftene til gode, seier Eriksen.

Kartleggingsarbeidet er no lagt ut på anbod. Det er for tidleg å seia kor mykje bedriftenes kostnader kan reduserast, men ein reduksjon på nokre få prosent vil kunna bety mykje for konkurranseutsette næringar.

- Regjeringa har store ambisjonar for kva me skal få til på dette området, seier Eriksen.

Det er tidlegare gjennomført tilsvarande kartleggingar på nokre lovområde. Dei administrative kostnadene for bedriftene ved å etterleva mva-regelverket er rekna ut til å vera på om lag 910 millionar kroner i året. HMS-regelverket har ein tilsvarande kostnad på 2,9 milliardar kroner.

For tida deltar Noreg i ei OECD-undersøkjing som vert gjennomført parallelt i 13 land. Det er krava til informasjon ved tilsetjing av ein arbeidstakar som vert kartlagt, i tillegg til informasjonskrav ei lita tranportbedrift må oppfylla for å halda ein lastebil på vegen i eitt år. Det vil bli mogleg å samanlikna norsk regelverk med andre lands regelverk, og henta gode idear til forenkling frå andre.

I Nederland, Danmark og Storbritannia er alt regelverket kartlagt, og i desse landa er det no sett i gang tiltak som skal redusera bedriftenes adminstrative kostnader. I Nederland er det vedtatt forenklingsplanar som vil bety 4,1 milliardar Euro i mindre kostnader for bedriftene.

- Me ser at andre land får til resultat. I internasjonal samanheng har Noreg eit godt regelverk og lite byråkrati. Men me kan alltid bli betre, og det prosjektet me no har sett i gang skal bidra til at me held oss i det internasjonale tetsjiktet når det gjeld forenkling for næringslivet, seier Eriksen.

Anbodet er lagt ut på Doffin: http://www.doffin.no/search/search_show.aspx?ID=APR052724

Statsråd Odd Eriksen og Finn Bergesen jr. i NHO diskuterer forenkling med dagleg leiar Arnt Hals i Baker Hansen.
Statsråd Odd Eriksen og Finn Bergesen jr. i NHO diskuterer forenkling med dagleg leiar Arnt Hals i Baker Hansen.


26. april 2006