Historisk arkiv

Innovasjon er viktig for prosessindustrien

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Dag Terje Andersen deltok tysdag på industrikonferansen i Langesund. Han snakka om kva ein aktiv næringspolitikk vil bety for prosessindustrien, og viste blant anna til regjeringas innovasjonsmelding som kjem i 2008.

Innovasjon er viktig for prosessindustrien

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen deltok tysdag på industrikonferansen i Langesund. Han snakka om kva ein aktiv næringspolitikk vil bety for prosessindustrien, og viste blant anna til regjeringas innovasjonsmelding som kjem i 2008.

- Prosessindustrien er ein viktig del av den norske konkurranseutsette industrien, og står for om lag 50 prosent av verdien av vareeksporten frå fastlands-Noreg.

Statsråden peika på at regjeringa vil vera ein aktiv og konstruktiv partner i arbeidet med å utvikla industri- og næringsverksemd i heile landet. For å styrkja og tydeleggjera arbeidet for å leggja til rette for framtidig verdiskaping, ønskjer regjeringa å leggja fram ei innovasjonsmelding i 2008.

- Ved å styrkja konkurranseevna i dag, kan Noreg skaffa seg konkurransefortrinn i morgon, sa Andersen.

Sjå statsrådens lysark.



31. januar 2007