Historisk arkiv

Lettare tilgang til offentleg næringsinformasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Jungelen av nettstader med offentleg informasjon kan vera til forvirring for brukarane. Nærings- og handelsdepartementet har fått laga ein rapport om samordning av nettstader med offentleg næringsinformasjon, og inviterer til høyringsmøte om saka tysdag 27. februar.

Det finst i dag mykje offentleg informasjon på Internett. Men dei mange nettstadane som er under utviklinga kan vera til forvirring for brukarane.

Nærings- og handelsdepartementet tar no tak i dette, som ein del av oppfølginga av regjeringas handlingsplan for etenester til næringslivet. Rapporten "Næringsrett på Internett - forslag til strategi for samordning av nettstader med offentleg næringsinformasjon" er laga av Forvaltningsinfo AS for NHD. Som ledd i oppfølginga av rapporten inviterer NHD til høyringsmøte tysdag 27. februar. Skriftlege innspel kan sendast departementet innan 15. mars. NHD vil deretter ta stilling til den vidare oppfølginga av rapporten.