Historisk arkiv

Møter reiselivet i Finnmark

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

– Regjeringa har auka satsinga på reiseliv frå 100 til 200 millionar kroner, og me arbeider no med ein nasjonal strategi for reiseliv, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Reiseliv er blant dei raskast veksande næringane i verda, og målet er at norske reiselivsnæringar skal ta sin del av denne veksten. – Regjeringa har auka satsinga på reiseliv frå 100 til 200 millionar kroner, og me arbeider no med ein nasjonal strategi for reiseliv, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen. Denne veka møter regjeringa reiselivet i Finnmark.

- I strategien vil me blant anna fokusera på utfordringar og moglegheiter, og på korleis samarbeid mellom alle involverte aktørar kan bidra til utvikling og bærekraftig vekst i næringane, seier Andersen.

I arbeidet med strategien arrangerer regjeringa regionale og tematiske samlingar med reiselivsaktørar og offentelge styresmakter.

I løpet av april og mai er det samlingar med reiselivet i Bodø, på Værnes, i Bergen, i Arendal, på Lillehammer, i Alta og i Oslo. Politisk rådgjevar Annelene Svingen leiar møtet i Alta 22. mai, der målet er å ha nær og tett dialog med regionale aktørar.  

Tysdag 22. mai: Høgskolen i Finnmark, Alta, 12.30-15.30.

Nordlys

Kontakt:

Politisk rådgjevar Annelene Svingen, tel. 95 76 07 37

Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58