Historisk arkiv

Møter reiselivet i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Reiseliv er blant dei raskast veksande næringane i verda. Målet er at norske reiselivsnæringar skal ta sin del av denne veksten, og regjeringa vil difor leggja fram ein nasjonal strategi for reiseliv. Denne veka møter regjeringa reiselivet i Midt-Noreg og på Vestlandet/Fjord-Norge.

– I strategien vil me blant anna fokusera på utfordringar og moglegheiter, og på korleis samarbeid mellom alle involverte aktørar kan bidra til utvikling og bærekraftig vekst i næringane, seier politisk rådgjevar Annelene Svingen.

I arbeidet med strategien vil regjeringa arrangera regionale og tematiske samlingar med reiselivsaktørar og offentelge styresmakter. Politisk rådgjevar Annelene Svingen leiar desse møta, der målet er å ha nær og tett dialog med regionale aktørar.  

I løpet av april og mai skal det arrangerast slike samlingar i Bodø, på Værnes, i Bergen, i Arendal, på Lillehammer, i Alta og i Oslo. 

Torsdag 26. april: Quality Airport Hotel Værnes, 11.30-14.30

Fredag 27. april: Hotel Scandic Bergen Airport, 11.00-14.00

Kontakt:

Politisk rådgjevar Annelene Svingen, tel. 95 76 07 37

Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58

Turistar på Fløyen i Bergen.