Historisk arkiv

Nasjonal reiselivsstrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Reiseliv er blant dei raskast veksande næringane i verda, og målet er at Noreg skal ta sin del av denne veksten. Regjeringa har auka satsinga på reiseliv frå 100 til 200 millionar kroner og arbeider no med ein nasjonal strategi for reiseliv. Strategien skal svara på dei utfordringane reiselivet står overfor i åra framover.

Det vil bli fokus fokus på utfordringar og moglegheiter, og på korleis samarbeid kan bidra til utvikling og bærekraftig vekst i næringane.

- Me må satsa der me er gode, og då er reiselivet eit naturleg satsingsområde. Bærekraftig utvikling skal framleis vera eit prinsipp ved utviklinga av det norske reiselivet, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Ber om innspel

I arbeidet med strategien har regjeringa arrangert regionale og tematiske samlingar med reiselivsaktørar og offentelge styresmakter. I løpet av april og mai har det vore samlingar med reiselivet i Bodø, på Værnes, i Bergen, i Arendal, på Lillehammer, i Alta og i Oslo.

Andersen ber folk om å engasjera seg i strategiarbeidet.

- Me ønskjer ein tett dialog med reiselivsnæringa og andre involverte aktørar i arbeidet med strategien. Dette handlar blant anna om at me må tilpassa oss stadig meir reisevante og krevjande kundar, seier Andersen.

- Dersom du har meiningar til korleis me skal betra reiselivet i Noreg, så kom gjerne med dine innspel til oss i Nærings- og handelsdepartementet, seier Andersen.

Sjå Dag Terje Andersen på snutter.no.

Klikk her for å senda dine innspel til reiselivsstrategien til Nærings- og handelsdepartementet.

Reiselivsminister Dag Terje Andersen på Lysefjorden.

Reiselivsminister Dag Terje Andersen på Lysefjorden i Rogaland.