Historisk arkiv

Ny fiskeriavtale med Kina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Dag Terje Andersen underteikna måndag ein ny fiskeriavtale med Kina. Avtalen tar spesielt sikte på å kjempa mot det ulovlege og uregulerte fisket som er eit problem for både Noreg og Kina.

Dag Terje Andersen underteikna måndag ein ny fiskeriavtale med Kina. Avtalen tar spesielt sikte på å kjempa mot det ulovlege og uregulerte fisket som er eit problem for både Noreg og Kina.

- Avtalen legg til rette for eit grundigare samarbeid på område som ressursforvaltning, havbruk og forsking, seier nærings- og handelsminister og konstituert fiskeri- og kystminister Dag Terje Andersen.

I utforminga av avtalen har norske styresmakter lagt avgjerande vekt på at samarbeidet vert utvida til å omfatta spørsmålet om ulovleg, uregistrert og uregulert fiskeri.

- Ulovleg fiske er ein alvorleg trussel mot bærekraftige fiskeri og vil vera eit hovudtema i dei politiske samtalane eg skal ha med kinesiske styresmakter, seier Andersen.

Noreg og Kina er leiande fiskerinasjonar, og blant dei største produsentane og eksportørane av sjømat i verda. I 2006 vart det eksportert norsk sjømat til Kina for over 1 milliard kroner, ein auke frå 400 millionar kroner i 2000.

Kina er ein stadig viktigare handelspartnar for Norge, og denne veka er nærings- og handelsministeren i Kina med statsministeren, finansministeren og nærare 50 representantar for norsk næringsliv.
 
 
Dag Terje Andersen og hans kinesiske motpart signerer fiskeriavtalen.
Dag Terje Andersen og hans kinesiske motpart signerer fiskeriavtalen.