Historisk arkiv

Stor interesse for Kina-besøket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Mellom 40 og 50 representantar for norsk næringsliv reiser til Kina saman med statsministeren, finansministeren og nærings- og handelsministeren i veke 13. Næringslivssamarbeid er eit viktig tema for besøket.

Kina er Noregs største handelspartnar i Asia, og handelen aukar stadig. I 2006 vart det eksportert varer frå Noreg til Kina for 10,9 milliardar kroner, ein auke på 86 % frå året før. Samtidig auka importen frå Kina med 17 %. 200 norske bedrifter har i dag aktivitet i Kina, og regjeringa jobbar aktivt for å vidareutvikla det gode samarbeidet.

Dag Terje Andersen har program i Beijing 26. og 27. mars og i Shanghai 28. mars.

Kontaktperson for nærings- og handelsminsteren under besøket i Kina er informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58.