Store moglegheiter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 21.02.2008
Det er store moglegheiter i norsk reiseliv. Regjeringa set difor i verk 72 tiltak på 7 innsatsområde. Tiltaka kjem fram i regjeringas reiselivsstrategi ”Verdifulle opplevelser”.
Det er store moglegheiter i norsk reiseliv. Regjeringa set difor i verk 72 tiltak på 7 innsatsområde. Tiltaka kjem fram i regjeringas reiselivsstrategi ”Verdifulle opplevelser”.
Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen deltok torsdag på LOs reiselivskonferanse, der han presenterte tiltaka i reiselivsstrategien. Statsråden fokuserte blant anna på heilårs arbeidsplassar og kompetanseheving i reiselivsnæringa.
– Norsk reiseliv skal vera ei verdifull oppleving for både turistar og næringa. Me treng lønsame og bærekraftige reiselivsbedrifter som gir sikre arbeidsplassar heile året, sa Andersen.
Også 1. sekretær i LO, Ellen Stensrud, poengterte at det er behov for heilårs arbeidsplassar og kompetanseheving blant dei tilsette i reiselivsnæringa.
– Det å ha profesjonelle tilsette i reiselivet er heilt sentralt. For å få heilårs arbeidsplassar er det nødvendig med auka produktivitet og effektivitet i reiselivet, svarte statsråden.
Regjeringa inviterer no reiselivsnæringa med i eit meir formalisert samarbeid gjennom etablering av eit strategisk råd for reiseliv og styresmakter. I Nærings- og handelsdepartementet blir arbeidet med reiseliv styrkt, ved at det blir oppretta ein eigen seksjon for reiseliv.
Vil du vita meir om regjeringa sin reiselivsstrategi og dei 72 tiltaka i strategien? Les her.
Sjå film om reiselivsstrategien her.