Lind debatterte likestilling i USA
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 09.03.2012
På kvinnedagen 8.mars var statssekretær Rikke Lind hovudtalar i ein debatt om likestilling i arbeidslivet i Washington D.C.
På kvinnedagen 8.mars var statssekretær Rikke Lind hovudtalar i ein debatt om likestilling i arbeidslivet i Washington D.C.
Paneldebatten vart arrangert av tankesmia Center for American Progress, som har utspring i det demokratiske parti. Lind heldt innlegg om norsk likestillingspolitikk og dei positive effektane av lova om 40 pst kvinner i ASA styre, men la også vekt på utfordringane med å få fleire kvinner inn i toppleiarstillingar. I innlegget nemde ho dei positive framstega i Europa, no sist med Frankrike som har gjort vedtak om ei lov om kvinnekvotering på 40 pst ved utnemningar til høgare embetsstillingar.
-Eg opplev at interessa for norsk likestillingspolitikk, særleg for arbeidet vi gjer for å auke tal kvinnelege styremedlemmar, er stor i USA. Samstundes er det også ting me i Noreg kan lære av amerikanarane. Dei er gode på kvinneleg entreprenørskap og har fleire kvinnelege leiare i næringslivet enn det vi har.