Historisk arkiv

Betre tilrettelegging for næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa foreslår lovendringar som legg til rette for betre og meir effektiv elektronisk samhandling mellom det offentlege og næringslivet. Dette er i samsvar med regjeringas mål om gode elektroniske tenester til næringslivet.

Pressemelding

Nr.: 25/06
Dato: 7. april 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Betre tilrettelegging for næringslivet

Regjeringa foreslår lovendringar som legg til rette for betre og meir effektiv elektronisk samhandling mellom det offentlege og næringslivet. Dette er i samsvar med regjeringas mål om gode elektroniske tenester til næringslivet.

– Slike tenester vil forenkle kvardagen for dei næringsdrivande og frigjere meir tid til verdiskaping i bedriftene. Det er eit mål at Noreg skal vere leiande internasjonalt når det gjeld elektronisk kommunikasjon mellom det offentlege og brukarane, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

I løpet av året vil ei fullverdig løysing for elektronisk registrering til Føretaksregsiteret og Einingsregisteret vera på plass i Altinn-portalen. Då vil det også leggjast til rette for bruk av elektronisk signatur.

Dei foreslåtte endringane i Føretaksregisterlova, Einingsregisterlova og Rekneskapslova sikrar at regelverket vert tilpassa dei nye løysingane. Retten til å få ut elektronisk informasjon frå registra vert også lovfesta. Vidare skal føretak få registrert selskaps- og rekneskapsopplysningar på fleire språk enn norsk. Dette er viktig for føretak som har aktivitetar internasjonalt.

Regjeringa foreslår vidare at brukarane skal kunne påleggjast å sende inn opplysningar elektronisk til Føretaksregisteret, Einingsregisteret og Rekneskapsregisteret. Det er enno ikkje avgjort når eit slikt pålegg kan innførast og kven det skal gjelda. Dette vil mellom anna vere avhengig av kor stor auken i bruken av elektronisk innrapportering vert framover. I første omgang vil regjeringa vurdere positive stimuleringstiltak, til dømes ved at vert dyrare å senda inn opplysningar på papir enn elektronisk.

Ot.prp. nr. 67 (2005-2006) Om lov om endringar i foretaksregisterloven, enhetsregisterloven og regnskapsloven (gjennomføring av rådsdirektiv 2003/58/EF)