Historisk arkiv

Eigarskapsmeldinga blir presentert 8. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Fredag 8. desember presenterer nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen stortingsmeldinga om statens eigarskap. Pressekonferansen går føre seg i plenumssalen i R4 kl 11.45.

Pressemelding

Nr.: 93/06
Dato: 5. desember 2006
Kontaktperson:
Prosjektleiar Mette Fossum Beyer, tel. 22 24 65 37
Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Eigarskapsmeldinga blir presentert 8. desember

Fredag 8. desember presenterer nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen stortingsmeldinga om statens eigarskap. Pressekonferansen går føre seg i plenumssalen i R4 kl 11.45.

Regjeringa legg til grunn at staten skal vera ein aktiv og langsiktig eigar i viktige norske selskap. Gjennom sitt eigarskap ønskjer staten å bidra til god og stabil utvikling av næringslivet i Noreg.

Nærings- og handelsministeren legg samtidig fram regjeringas forslag til ”Lov om omstilling”. Regjeringa ønskjer å setja i verk nye tiltak som kan redusera dei negative verknadene av bedriftsnedleggingar. Saka blir fredag sendt på høyring i tre månader.

Pressekonferansen vil bli sendt direkte på www.nhd.no