Foreslår fond for marine næringar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 08.12.2006 | Sist oppdatert: 11.12.2006
Pressemelding
Nr.: 96/06
Dato: 8. desember 2006
Kontaktperson:
Prosjektleiar Mette Fossum Beyer, tel. 95 06 00 52
Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58
Foreslår fond for marine næringar
Regjeringa vil bidra til å utløysa moglegheiter for auka verdiskaping i marin sektor, og foreslår difor å oppretta eit eige statleg fond for marine næringar. Aktiviteten i marin sektor går i hovudsak føre seg langs kysten og er eit viktig fundament for lønsame og sikre arbeidsplassar.
– Me gjennomfører no eit tiltak frå Soria Moria-erklæringa som vil ha positive ringverknader for samfunn langs heile kysten, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.
Andersen la fredag fram Stortingsmelding nr. 13: Et aktivt og langsiktig eierskap. Regjeringa kjem der med ei rekkje vurderingar knytte til tilførsel av kapital til norsk næringsliv.
– Samla sett er det ikkje mangel på kapital i norsk næringsliv. Men det er utfordringar i delar av kapitalmarknaden og det kan i framtida bli behov for strategiske investeringar, seier Andersen.
I tillegg til å oppretta eit eige fond for marine næringar, vil regjeringa:
- Prioritera tiltak, innanfor løyvingane til forsking, som bidrar til auka kommersialisering av forskingsbaserte forretningsidear.
- Starta ein gjennomgang av korleis gründerfinansieringa kan bli betre. Regjeringa vil vurdera å oppretta ein gründerbank/vurdera ei styrking av verkemidla for gründarar i blant anna Innovasjon Norge.
- Følgja kapitalsituasjonen for Argentum, og evaluera situasjonen før ein eventuelt kjem tilbake til Stortinget med spørsmål om tilførsel av ny kapital.
- Vurdera om staten skal auka sitt bidrag til såkornfond. Under dette vurdera om det er meir nyttig å bidra med eigenkapital i staden for lånekapital, gjennom ein fond-i-fond-konstruksjon av same type som Argentum.
- Greia ut behovet for og eventuelt utforminga av statlege fond for å bidra til betre tilgang på kapital på område der det vert avdekt særlege behov.