Historisk arkiv

Første investering frå såkornfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Såkornfondet som er etablert i Bodø har vedteke å investera 1,75 millionar kroner i den nystarta bedrifta Creative Visual Group AS. Dette er den første investeringa som er gjort av dei nye såkornfonda.

Pressemelding

Nr.: 84/06
Dato: 20.oktober 2006
Kontaktpersoner: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60
Dagleg leiar Eirik Sørgård i Kapnord Fond AS, tel. 99 57 01 89

Første investering frå såkornfond

KapNord Fond AS i Bodø har vedteke å investera 1,75 millionar kroner i den nystarta bedrifta Creative Visual Group AS. Bedrifta har hovudkontor i Bodø og lanserer ei global teneste for handel med foto. Creative Visual Group har avtalar med 10 000 fotografar i heile verda. Dette er den første investeringa som er gjort av dei nye såkornfonda.

– Det er ein merkedag at såkornfonda no byrjar å investera i lovande bedrifter i startfase. Såkornfonda skal bidra til auka nyskaping, slik at me får eit breiare grunnlag for morgondagens velstand og vekst, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

KapNord Fond AS i Bodø er eit av dei seks distriktsretta såkornfonda som skal opprettast. Fondet har ein kapitalbase på 255 millionar kroner og kan investera i Nordland, Troms og Finnmark. I tillegg er det vedteke å oppretta fire landsdekkjande fond.

Totalt vil fonda kunna få ein kapitalbase på 2,4 milliardar kroner. Av dette er 1,367 milliardar kroner lån frå staten. Det er forventa at private aktørar bidrar med resten.

– Det er no lagt betre til rette for å utvikla eit innovativt næringsliv i dei nordlegaste fylka. Det er innovative og kompetansetunge bedrifter me skal leva av i framtida, men risikoen i desse prosjekta er høg. Difor har staten gått inn i eit samarbeid med private investorar for å hjelpa fram slike prosjekt, seier Andersen.

Også andre fond er på god veg til å gjera investeringar. Det landsdekkjande såkornfondet i Bergen er no operativt, etter at det er henta inn kapital frå investorar. Dette fondet vil truleg gjera si første investering i løpet av hausten.