Historisk arkiv

Målretta satsing for lågare kostnader i næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa set no i gang eit prosjekt for å redusera næringslivets kostnader knytte til informasjonskrav frå staten. - Målet er å auka bedriftenes konkurranseevne, seier Odd Eriksen.

Pressemelding

Nr.: 57/06
Dato: 19. juli 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Målretta satsing for lågare kostnader i næringslivet

Regjeringa set no i gang eit prosjekt for å redusera næringslivets kostnader knytte til informasjonskrav frå staten. Målet er å utvikla eit meir effektivt regelverk, slik at bedriftene får lågare kostnader og auka konkurranseevne og lønsemd. Nærings- og handelsdepartementet leiar samarbeidet mellom 14 deltakande departement.

– Det offentlege skal vera til hjelp for bedriftene, ikkje til hinder. Det er behov for ei meir målretta satsing på forenkling for næringslivet, og det er dette arbeidet som no vert sett i gang, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

Konsulentselskapa Oxford Research AS og Rambøll Management AS har fått oppdraget med å kartleggja alt regelverk som inneheld informasjonskrav frå det offentlege. Dette omfattar om lag 250 lover med tilhøyrande forskrifter. Deretter vil bedriftene få besøk, og dei som utfører det praktiske arbeidet med å oppfylla krav frå staten skal intervjuast.

– Kartlegginga vil gje oss detaljert informasjon om kva og kor mykje arbeid krava frå staten fører med seg i bedriftene, og kva dette kostar. På dette grunnlaget kan me setja i gang meir målretta forenklingstiltak, seier Eriksen.

Kartlegginga skal vera gjennomført innan 1. september 2007. Deretter vil regjeringa koma med konkrete forslag til forenklingar. Konkrete tiltak skal gjennomførast av det enkelte fagdepartement. Alle tiltak skal ha kome så langt at ein kan anslå den samla gevinsten innan utgangen av juni 2009.

– Det omfattande arbeidet me no har sett i gang, skal foregå parallelt med det forenklingsarbeidet som allereie pågår. Regjeringa har store ambisjonar, seier Eriksen.