Ministermøte i København om EUs maritime politikk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.02.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
På eit uformelt ministermøte i København 10. februar diskuterte representantar frå Danmark, Finland, Tyskland, Sverige, Nederland, Storbritannia og Noreg hovudlinjene for europeisk skipsfartspolitikk framover.
Pressemelding
Nr.: 09/06
Dato: 10. februar 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22
24 65 60
Ministermøte i København om EUs maritime politikk
På eit uformelt ministermøte i København i dag diskuterte representantar frå Danmark, Finland, Tyskland, Sverige, Nederland, Storbritannia og Noreg hovudlinjene for europeisk skipsfartspolitikk framover.
– Dette er statar me deler mange synspunkt med. Hovudtemaet for møtet var internasjonale skipsfartsspørsmål og den nye maritime politikken i EU. Møtet gav oss ein god sjanse til å drøfta desse spørsmåla med ei viktig gruppe av medlemsstatane i EU, seier statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet, Noregs representant på møtet.
Bakgrunnen for møtet er EU-kommisjonens arbeid med ein ny heilskapleg maritim politikk, den såkalla Grønnboka. EU-kommisjonen har nyleg også lagt fram ein maritim sjøsikkerheitspakke – den tredje tiltakspakken for å styrkja tryggleiken til sjøs, etter eit par alvorlege ulukker utanfor kysten av Europa. Denne vart også diskutert på møtet.
Utkastet til Grønnboka er venta å verta lagt fram før sommaren. Som ein viktig maritim nasjon, er Noreg invitert til å delta i prosessen. Som einaste tredjeland er Noreg også invitert til å bidra med ein nasjonal ekspert til sekretariatet.
– Dette illustrerer vår posisjon som ein leiande maritim nasjon i Europa, seier Yrvin.