Historisk arkiv

Rekordår for reiselivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Frå januar til juli var det 341 900 fleire overnattingar i Noreg enn i same periode i fjor. Norske hotell og overnattingsbedrifter har registrert over 10,5 millionar overnattingar i denne perioden, viser tal frå SSB.

Pressemelding

Nr.: 59/06
Dato: 30. august 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Rekordår for reiselivet

Frå januar til juli var det 341 900 fleire overnattingar i Noreg enn i same periode i fjor. Norske hotell og overnattingsbedrifter har registrert over 10,5 millionar overnattingar i denne perioden. For juli er talet på overnattingar det høgaste nokon gong. Det viser overnattingsstatistikken frå SSB.

– Eg er glad for at det har vore ein så stor auke i talet på overnattingar. Dette viser at den styrka marknadsføringa av Noreg i utlandet har hatt ein god effekt, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

For dei sju første månadene er auken i overnattingar på 3 prosent. Det er ein auke både i norske og utanlandske overnattingar. I juli vart det registrert 2 439 943 overnattingar, ein auke på 4 prosent, og ny rekord.

– Arbeidet for å auka kvaliteten på dei norske reiselivsprodukta står sentralt i Soria Moria-erklæringa, og eg registrerer med glede at reiselivsnæringane tilbyr gode og attraktive opplevingar. Det er viktig at det me marknadsfører og det turistane opplever stemmer overeins, seier Eriksen.

For 2006 løyvde regjeringa 172,5 millionar kroner til marknadsføring av Noreg i utlandet. Nærings- og handelsdepartementet arbeider no med å laga ein nasjonal reiselivsstrategi. Strategien skal vera klar neste år, og vil leggja til rette for ei meir heilskapleg og samordna satsing på reiseliv. Eriksen peikar likevel på at det er næringane sjølve som har hovudansvaret for å lukkast både nasjonalt og internasjonalt.

– Eg håpar at marknadsføringa av Noreg som reisemål i utlandet også får ein effekt for haust- og vintersesongen. Mitt mål er at me skal trekkja turistar til landet heile året, seier Eriksen.