Historisk arkiv

Små og mellomstore bedrifter aukar mest

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Det har vore ein sterk vekst i talet på sysselsette i dei små og mellomstore bedriftene. Veksten har vore størst i føretak med opp til 50 tilsette. Det viser statistikk laga på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet.

Pressemelding

Nr.: 86/06
Dato: 24.oktober 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Små og mellomstore bedrifter aukar mest

Det har vore ein sterk vekst i talet på sysselsette i dei små og mellomstore bedriftene. Sysselsetjingsveksten har vore størst i føretak med opp til 50 tilsette. Samtidig aukar talet på aksjeselskap og enkeltpersonføretak. Frå 2005 til 2006 var det ein netto tilvekst på over 17 000 føretak.

– Dette er gode nyheiter for norsk næringsliv. Tala viser at regjeringas satsing for å leggja til rette for små og mellomstore bedrifter gir resultat, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Det er i føretak med opp til 50 tilsette sysselsetjingsveksten har vore størst. I føretak med 1-4 tilsette var det ved årsskiftet 3 832 fleire sysselsette enn eitt år tidlegare. Det er i hovudsak dei mindre selskapa som dei siste åra har bidratt til fleire arbeidsplassar og auka sysselsetjing. Denne tendensen er forsterka.

Det viser tal frå Statistisk Sentralbyrå. Tala er utarbeidde på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementets kompetansesenter for konsekvensutgreiing (ORAKEL).

– Det er mykje aktivitet og optimisme i næringslivet. Regjeringa vil at bedriftenes kvardag skal bli så enkel som mogleg. Det er no sett i gang eit omfattande kartleggingsarbeid som skal bidra til konkrete forenklingar i bedriftene. Det er dei små og mellomstore som i størst grad merkar dei administrative byrdene, seier Andersen.

Den totale auken i føretak frå 2005 til 2006 var på 17 083.Talet på enkeltpersonføretak auka med 7 584 i denne perioden. Samtidig var det ein auke i aksjeselskap på 6 784. Resten av auken ligg i kategorien ASA og ”andre føretak”.

Endringane i skattelova, som vart sette i verk ved årsskiftet, har vorte sett på som gunstige for aksjeselskap. Skjermingsmetoden for sjølvstendig næringsdrivande har gjort at aksjonærar vil kunna påverka tidspunktet for når dei må skatta av ein del av overskotet. Ein stor del av veksten i aksjeselskap kan såleis forklarast med denne skatteomlegginga.

– Den totale auken i talet på føretak viser likevel at det er ei høg grad av nyetableringar i norsk næringsliv. Dette er eit resultat av at det går godt i Noreg, seier Andersen.

I 2004 vart det registrert 38 988 nedleggingar, medan talet for 2005 var 30 127. Det har altså vore ein reduksjon i talet på nedleggingar på nesten 9 000.

Les meir:
http://odin.dep.no/nhd/norsk/tema/forenkling/orakel/foretaksstatistikk/bn.html