Historisk arkiv

Statsråd Odd Eriksen til Frøya og Trondheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen besøkjer Trøndelag 18. og 19. april 2006. Statsråden besøkjer SalMar på Frøya og SIVA, SINTEF, NGU, Bergvesenet og Nidar sjokoladefabrikk i Trondheim. Han deltar dessuten på Trøndersk reiselivskonferanse.

Pressemelding

Nr.: 26/06
Dato: 7. april 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58


Priv. til red.:

Statsråd Odd Eriksen til Frøya og Trondheim

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen besøkjer Trøndelag 18. og 19. april 2006. Statsråden besøkjer SalMar på Frøya og SIVA, SINTEF, NGU, Bergvesenet og Nidar sjokoladefabrikk i Trondheim. Han deltar dessuten på Trøndersk reiselivskonferanse. Pressa er velkomen til å følgja programmet.

Tysdag 18. april:

Kl. 08.45:

Besøk hjå SIVA, Selskapet for industrivekst. Stad: Pirsenteret, Trondheim.

Kl. 13.15:

Statsrådane Odd Eriksen og Helga Pedersen besøkjer SalMar-anlegget på Frøya, saman med fylkesordføraren og ordførarane i Hitra og Frøya. Det vert omvising på bedrifta. Eriksen vert deretter orientert om næringsutviklingsprosjektet ”Frøya inn i framtida”.

Onsdag 19. april:

Kl. 08.45:

Statsråden besøkjer SINTEF, der han møter administrerande direktør Unni Steinsmo. Adresse: Strindveien 4.

Kl. 11.00:

Trøndersk reiselivskonferanse: nærings- og handelsministeren held opningsforedrag om ”Regjeringens visjoner for og arbeid med norsk reiseliv”. Stad: SAS Royal Garden Hotell.

Kl. 12.00:

Statsråden besøkjer Norges Geologiske Undersøkelser (NGU) og Bergvesenet. Adresse: Leiv Eirikssons vei 39 på Lade.

Kl. 14.20:

Besøk hjå Nidar Sjokoladefabrikk. Ordførar Rita Ottervik deltar. Det vert møte med dei tilsette og omvising på fabrikken. Adresse: Bromstadveien 2.

Pressa er velkomen til å følgja statsrådens program.