Gjennomføring av miljøtiltak på Raufoss
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Revidert nasjonalbudsjett 2007
Pressemelding | Nr: 26/07 | Dato: 15.05.2007
Regjeringa aukar garantien for oppryddingsprosjektet i Mjøsa og på Raufoss frå 50 til 90 millionar kroner. Det betyr at tiltak som står att for å betre miljøkvaliteten kan gjennomførast i løpet av 2008.
Regjeringa aukar garantien for oppryddingsprosjektet i Mjøsa og på Raufoss frå 50 til 90 millionar kroner. Det betyr at tiltak som står att for å betre miljøkvaliteten kan gjennomførast i løpet av 2008.
– Miljøkvaliteten i Raufoss Industripark er allereie betydeleg betre. Me aukar garantien for at oppryddinga skal kunna gjerast ferdig i løpet av neste år, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.
Oppryddingsprosjektet på Raufoss er godt på veg til å oppfylle pålegg frå SFT og miljømåla for oppryddinga. Vurderingar av juridiske problemstillingar har vist at staten vil kunne haldast ansvarleg for historisk relatert forureining på Raufoss-området og deponeringa av ammunisjon i Mjøsa.
Ved handsaminga av St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 147 (2003-2004) Statlig miljøansvar på Raufoss, fatta Stortinget vedtak om at staten kunne gje garantiar for miljø- og forureiningsansvar for opp til 50 millionar kroner. Dei samla kostnadene for oppryddinga er venta å overskride denne grensa i løpet av 2007.
Overslag frå Raufoss Næringspark og tilråding frå statens miljørådgjevar på samla utbetalingar ligg til grunn for utvidinga av statsgarantien frå 50 til 90 millionar kroner.
Raufoss: Gammel håndvåpenbane