Næringslivet brukar mindre tid på statlege skjema
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Nr: 16/07 | Dato: 23.02.2007
Norsk næringsliv vart i 2006 spart for 98 årsverk i statleg byråkrati. På to år har det vore ein reduksjon på nesten 700 årsverk relatert til statlege skjema.
Norsk næringsliv vart i 2006 spart for 98 årsverk i statleg byråkrati. Dette viser at arbeidet med å redusere næringslivets administrative byrder gir resultat. Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen presenterte dei ferske tala på eit møte med næringsorganisasjonane fredag.
– Vår ambisjon er at forenklingsarbeidet skal gi ein kostnadsreduksjon som merkast i bedriftene. På to år har det vore ein reduksjon på nesten 700 årsverk relatert til statlege skjema, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.
Det aller meste av reduksjonen i 2006 kjem av overgang til elektronisk utfylling og innsending, og er knytt til bruk av Altinn-portalen. Altinn er det viktigaste verktyet i arbeidet med å tilby næringslivet offentlege tenester på nett.
9 etatar har meldt om forenklings- og samordningstiltak med positive effekt i 2006; Aetat og Rikstrygdeverket (no NAV), Direktoratet for arbeidstilsynet, Fiskeridirektoratet, Kredittilsynet, Skattedirektoratet, Sosial- og helsedirektoratet, Skipsregistra og Statistisk sentralbyrå.
– Dette gir inspirasjon til vidare satsing på forenkling, men resultata viser samtidig at det er potensial for ytterligare reduksjon, seier Andersen.
I 2005 og 2006 var det totalt ein reduksjon på 679 årsverk. Den store nedgangen i 2005 kom i hovudsak av fleire års arbeid med overgang til elektronisk utfylling av sjølvmeldinga til Skatteetaten.
Utvikling i næringslivets skjemabelastning:
1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 Nye registrerte oppgåveplikter i perioden 60,4 11,3 16,3 1,8 2,7 8,8 30,6 4,1 2,3 Samordnings- og forenklingstiltak i perioden -12,5 -15,6 -32,0 -65,5 -90,4 -52,0 -78,3 -585,0 -100,6 Netto endring (årsverk) 47,9 - 4,3 - 15,7 - 63,8 - 87,7 - 43,2 - 47,7 - 580,9 98,3
(Kilde: Oppgåveregisteret)