Historisk arkiv

Satsing på forskingsmiljøet i Ny-Ålesund

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2008

Polare strøk er særleg viktige for klimaforsking. Difor løyver regjeringa 25 millionar kroner til Kings Bay AS, for å forsterke Ny-Ålesunds attraktivitet som forskingsmiljø. Føresetnaden er at 10 millionar skal nyttast til å gjennomføre Luftfartstilsynet sine nye krav til tryggleiken ved flyplassen i Ny-Ålesund.

– Kings Bay AS er eit viktig selskap for dei som driv forsking på Svalbard. Flyplassen spelar ei sentral rolle og gjer at Ny-Ålesund berre er nokre timars flytur frå fastlandet. No kan flysambandet oppretthaldast, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Kings Bay AS eig grunnen og det meste av bygningane i Ny-Ålesund. Selskapet yt tenester til forsking og naturvitskapleg verksemd. Ny-Ålesund, med plassering langt mot nord og enkel tilkomst, har stor betydning for polar- og klimaforskinga.

Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet kap. 953.