Historisk arkiv

Tilskot til sysselsettjing av sjøfolk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Revidert nasjonalbudsjett 2007

Regjeringa løyver 150 millionar kroner ekstra til tilskot til sysselsetjing av sjøfolk. I 2007 vert det såleis løyvd 1,480 milliardar kroner til ordninga. Auken skuldast i hovudsak at det har vore ein markant auke i talet på sjøfolk på offshorefartøy som har rett til refusjon.

Regjeringa løyver 150 millionar kroner ekstra til tilskot til sysselsetjing av sjøfolk. I 2007 vert det såleis løyvd 1,480 milliardar kroner til ordninga. Auken skuldast i hovudsak at det har vore ein markant auke i talet på sjøfolk på offshorefartøy som har rett til refusjon.

– Nærare 10 300 sjøfolk er no omfatta av ordninga. I Soria Moria-erklæringa varsla regjeringa ein sterkare innsats for å sikre arbeidsplassar og vekst i dei maritime næringane. Dei auka løyvingane er med på å sikre trygge arbeidsplassar til sjøs, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Auken i tale på sjøfolk som har rett til refusjon har kome på dei fartøygruppene som tek imot nettoløn, i hovudsak offshorefartøy. Dette fører til eit auka behov på om lag 100 millionar kroner. Nærare 50 millionar kroner i opptente tilskot er dessutan flytta frå 2006 til 2007. Grunnen til dette var sein ESA-godkjenning av endringar i ordninga pr. 1. juli 2006 og krav om forsvarleg saksbehandling.

– Løyvingane er med på å oppretthalde den stillinga Noreg har som verdsleiande innan kvalitetsskipsfart. Dette er eit bidrag til gode rammevilkår, trygge arbeidsplassar og vidare vekst for dei maritime næringane, seier Andersen.

Løyvinga skal dekke perioden november 2006 - oktober 2007, og omfattar:

  • Prosentvis tilskot til skip i NOR (Norsk Ordinært Skipsregister) og NIS (Norsk Internasjonalt Skipsregister)
  • Nettolønsordning for mannskap i samsvar med alarminstruksen på passasjerskip (ferjer) i utanriksfart i NOR
  • Nettolønsordning for offshorefartøy i NOR
  • Nettolønsordning for andre fartøy i NOR (lasteskip, brønnbåtar og slepebåtar)

Nettolønsordning for tryggingsmannskap på hurtigrutene på strekninga Bergen-Kirkenes (frå 1. juli 2007)

fraktefartøy