200 millionar kroner til SIVA
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Regjeringa foreslår å løyve 200 millionar kroner til auka innskotskapital i SIVA, øyremerkt eigedomsverksemda.
Regjeringa foreslår å løyve 200 millionar kroner til auka innskotskapital i SIVA, øyremerkt eigedomsverksemda. Løyvinga skal medverke til framdrift i planlagde utbyggingsprosjekt.
– Ei styrking av eigenkapitalen til SIVA vil gi framdrift i viktige byggeprosjekt i ei tid med knappare tilgang på kapital frå private investorar og bankar, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.
Den auka løyvinga mogleggjer realiseringa av fleire prioriterte prosjekt.
Statsverksemda SIVA utviklar infrastruktur for nyskaping i industriverksemder og forsknings- og kunnskapsparkar i heile landet. Verksemda skal tilretteleggje for sterke regionale verdiskapingsmiljø og nye arbeidsplassar. SIVA har eit særleg ansvar for å medverke til auka vekstkraft i distrikta.
Verksemda arbeidar innan to hovudområde: eigedom og innovasjon. Eigedomsverksemda står for oppføring og utleige av bygg og infrastruktur for industri og nyskapingsmiljø, der den private marknaden ikkje fungerer. Dette skal medverke til å avlaste risiko og kapitalbehov for føretaka. Innovasjonsverksemda driv med ulike program og nettverkstiltak.
SIVA er eigd av Nærings- og handelsdepartementet, og mottek programløyvingar frå både eigardepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.