Auka satsing på Innovasjon Noreg i 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Regjeringa sin næringspolitikk legg til rette for utvikling av eit framtidsretta og nyskapande næringsliv.
Regjeringa sin næringspolitikk legg til rette for utvikling av eit framtidsretta og nyskapande næringsliv. For 2010 foreslår Regjeringa å løyve 1,5 milliardar kroner til Innovasjon Noreg. Det er 26 prosent meir enn saldert budsjett for 2009.
– Regjeringa sin politikk fremjar eit nyskapande og framtidsretta norsk næringsliv. Den styrka satsinga på Innovasjon Noreg vil bidra til å realisere fleire gode idear, skape framtidsretta arbeidsplassar og styrke verdiskapinga i norsk næringsliv, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.
Regjeringa foreslår å løyve 1 514,5 millionar kroner til Innovasjon Noreg over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet i 2010. Dette er ei auke på 310,5 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2009.
Samtidig foreslår regjeringa å auke Innovasjon Norge sine lånerammer samanlikna med saldert budsjett 2009.
- Ramma for lavrisikolåneordninga blir foreslått auka med 1 milliard kroner til 2,5 milliardar kroner
- Ramma for innovasjonslåneordninga blir foreslått auka med 200 millionar kroner til 500 millionar kroner i 2010.
Det er sett av 260 millionar kroner til å fremje Noreg som reisemål over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet. Satsinga på reiseliv blir med dette styrka med 13 millionar kroner neste år.
Regjeringa løyver vidare 50 millionar kroner til den landsdekkande etablerarstipendordninga.
– Vi må investere i framtida. Satsinga på innovasjon og næringsutvikling i dette budsjettet vil hjelpe næringslivet til å kome styrka ut av nedgangen i verdsøkonomien. Samtidig stiller vi oss betre rusta til å møte framtidas utfordringar, seier Brustad.
I samband med revidert budsjett 2009 etablerte regjeringa ei ny støtteordning på 40 millionar kroner for kraftkrevjande industri. Ordninga legg til rette for etablering av innkjøpskonsortium for kjøp av kraft ved at Innovasjon Noreg kan gi bagatellmessig støtte til bedrifter som går saman om dette.