Eit budsjett for eit framtidsretta og nyskapande næringsliv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 13.10.2009
Regjeringa vil legge til rette for eit næringsliv for framtida.
Regjeringa vil legge til rette for eit næringsliv for framtida. Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett aukar med 13 prosent neste år til totalt 7.564 millionar kroner. Dette er ei auke på over 60 prosent samanlikna med 2005.
I ei tid som framleis er prega av finanskrise og uvisse for mange bedrifter og menneske vil dette budsjettet sikre vilkåra for norsk næringsliv og leggje til rette for nyskaping og forsking.
– Vi legg no til grunn meir optimistiske anslag for utviklinga i norsk økonomi enn det vi gjorde i arbeidet med tiltakspakkene. Likevel har vi sett behov for halde eit høgt nivå på løyvingane til mellom anna Innovasjon Noreg ikkje minst av omsyn til eksportindustrien, seier nærings- og handelsminister Sylvia Brustad.
Til Innovasjon Noreg sine ulike ordningar foreslår regjeringa til saman 1,5 milliardar kroner, ei styrking på 26 prosent. Regjeringa foreslår vidare at rammene for nye innovasjons- og lavrisikolån blir sett til 500 og 2 500 millionar kroner, ei samla auke på 1 200 millionar kroner samanlikna med saldert budsjettet for 2009.
Over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett foreslår Regjeringa å styrke næringsrelevant forsking til 2,18 milliardar kroner, ei auke på om lag 13 prosent.
– Det er framleis uvisse om den økonomiske utviklinga framover, og det er derfor viktig for Regjeringa å leggje til rette for forsking, innovasjon og omstilling i næringslivet, seier Brustad.
- For å sikre gode vilkår for eksportretta næringsliv vidarefører Regjeringa dei auka garantirammene for alminnelig ordning og u-landsordninga under Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK), med 110 milliardar og 3,15 milliardar kroner.
- Garantiramma for byggjelån til skip blir sett til 6,5 milliardar kroner.
- Regjeringa foreslår vidare at det innførast ei ny garantiordning for langsiktige avtaler for kraftintensiv industri med ei ramme på 20 milliardar kroner.
- Regjeringa foreslår å løyve 200 millionar kroner til auka innskotskapital i SIVA, øyremerkt eigedomsverksemda.
- Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner til miljøteknologi for å stimulere til pilot- og demonstrasjonsprosjekt.